Skip to main content
Unknown Component
civid: 585c435a11ef199d3d237833
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

Espeland - Espelandsgryting

Fottur langs ein gamal buføringsveg i bratt - men variert - terreng og flott utsikt.

Startpunkt
​​​​​​Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Ca. 1 km etter passering Espeland, er det på høgre side ein parkeringsplass med plass til 3-4 bilar, og ei informasjonstavle om turen.


Om turen
​​​Dette er den gamle buføringsvegen til Byrkjesete og seinare til Espelandsgryting. Turen går opp Espelandslie til Liastøl, ei open slette som vart brukt som mjølkeplass i gamal tid. Vidare oppover langs ein traktorveg/skogsveg, der den sluttar ved Longemyrane, i skogsterreng og litt bratt oppover til ein utsiktsplass (Framtunutsikten), der du ser ned mot Nedre Krossdalen.

Vidare oppover er det fortsatt litt bratt skogsterreng til Byrkjesete. Byrkjesete er ein gamal støl til Espeland. Stølshusa vart flytta til Espelandsgryting då dei tok til å støla der ein gong før 1850. Du kan sjå restar etter selstufter der. Vidare oppover Byrkjeseteskåre er det litt myrlendt. Midt i bakkane her er det ei stengsle. Ovanfor var stølsbeite og nedanfor heimebeite. Snart er du over skoggrensa, og kjem til Daurmålshaugen. Her er det flott utsikt. Vidare er turen varda oppover i fjellterreng. Fyrst gjennom Grøndalen, der det ofte er ei snøfonn tidleg om sommaren. Vidare oppover skoltane til Hattavarden, som er det høgste punktet. So nedover forbi Blomsterlitjørna, rundt Hodn og ned til Espelandsgryting.


Parkering: Sjå under "startpunkt". 

Parkeringsavgift: Gratis

Lengde: 4,6 km

Total gangtid: 4 timar 

Sesong: Mai - oktober 

Vanskegrad/gradering: ​​​​​​​Raud, krevjande 

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Espeland - Espelandsgryting

Nyligen besökta sidor