Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Kjerstad

Eventyrskogen på Lepsøya

Eventyrskogen på Lepsøy er ei oppleving for både store og små. Her er mykje å utforske, så hugs å rekne god tid!

Det går ikkje lang tid før du ser at dette blir ein tur utanom det vanlege, det dukkar opp ulike figurar både på bakkenivå og i trea. Etter rundt 400 meter må du passere eit gjerde. Det er sett opp ein stige til å klatre over. Etter 700 meter kan du ta til venstre og utforske «Hulderbo». Her heng klede og kjøkkenutstyr i trea, og om du ser godt etter kan du kanskje sjå ho som bur der også. Like etter kjem du til eit område der det er fint å raste. Her er fleire benkar, og om det er dårleg vêr kan ein søke ly i Eventyrhytta. Herfrå er det skilta til dei andre delane av Eventyrskogen, samt Sethsdemma.

Turen i Eventyrskogen bør takast som ein rundtur. Frå rasteplassen går du opp til «Trollhula» der du kan ringe på hos trollfamilien. Følg stien vidare austover til Alveskogen og deretter Trollmyra. Her finn du mange heimelaga små steintroll. Alle er velkomne til å ta med eit troll og plassere langs råsa. Det er også i dette området ein finn den kjempestore Trollstolen. Vidare kjem du til eit utandørsbiblioteket der StikkUt - posten er, Trollhaugen, Bukkene Bruse-brua og Elvedalen. Her er det lagt til rette for å kunne tenne bål når det er sesong for det.

Ein kan også nytte 2 robåtar og ein grill og grillhytte ved Setsdemma om ein har lyst å nytte meir tid i området.

Tilkomst og parkering

Om ein kjem med bil kan ein parkere gratis ved gravplassen. Parkeringa ved Prestegarden er reservert for eigne gjestar og kan ikkje nyttast. Det går og an å ta hurtigbåten til Lepsøy. Sjekk rute på frammr.no eller ring 117. Gå langs vegen mot Prestegarden. Når du kjem dit, går du gjennom grinda på venstre side av vegen for å kome til stien til Eventyrskogen. Pass på å late att grinda, det kan vere sauer på beite.

Eventyrskogen er eit dugnadsprosjekt. Bruk den gjerne, men vær varsam og ta med søppel hjem. Ingen må bruke open ild eller engangsgrill i her. Det er farleg og strengt forbudt!

Om ein ønskjer å bidra til vedlikehald av Eventyrskogen kan ein fritt Vippse til “Demma og Eventyrskogen”, nr. 131600 Lepsøy bygdeutval.

Last updated: 03/26/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Eventyrskogen på Lepsøya

Nyligen besökta sidor