Bygland

Fånefjell - tur-retur 3,5 km

  • Skicka email

  • 90781105

Fånefjell - Starten går frå parkeringsplassen om lag 400 meter sør for  Fånefjellstunnelen på riksveg 9.

Starten går frå parkeringsplassen om lag 400 meter sør for Fånefjellstunnelen på riksveg 9.



Frå parkeringsplassen kan ein følgje den gamle idylliske vegen opp Kattedalen. Langs vegen vil du passere eit par informasjonsskilt, eit gamalt vegskilt og eit godt stykke opp i bakken eit hestetro, som er ein uthogd stein med ei trerenne der vannet rann slik at hestane skulle få drikke.



Frå toppen av vegen går det ein sti over fjellet til ein rasteplass med god utsikt sørover. Det er mogeleg å fylgje vegen vidare, heilt til bygda Lauvdal, og gjennom denne til ein kjem til den gamle husmannsplassen Hagen. Her kan ein avtale henting, eller gå same vegen attende att. . Heile turen t/r er omalg 8 km. Den gamle halvtunnelen rundt fjellet er stengt grunna rasfare.



Køyrevegen over fjellet er frå rundt 1840, halvtunnelen frå 1923 og sjølve tunnelen frå 1963. Heile dette vegkomplekset med tilhøyrande konstruksjonar er freda av Riksantikvaren. Tak tid til å sjå deg rundt. Då kan du sjå at det har gått fleire store ras i området, ein kjem tett på fuglelivet, og heile området har óg ei særs rik flora.





Lengde til utsiktspunkt: 3 km tur-retur



Stigning: 150 meter



Tidsbruk: 2-3 timar



Vanskegrad:

Enkel veg opp lia, sti vidare til rasteplass/utsiktspunkt.



Last ned kartblad


  • Sommar
  • Vår

Källa: Setesdal