Aurland

Fiske og jaktinformasjon- Aurland

  • Fiske og jaktinformasjon- Aurland
  • Se vår Facebook

  • Se vår Instagram

  • Skicka email

  • +47 99567609

  • Botnatunnelen

    Aurland, Vestland

    Visa på kartan

Aurland kommune har eit areal på 1489 km2. Storparten av arealet ligg over 1000 m. over havet. Dei mange fjellvatna dekkar eit samla areal på omlag 55 km2. Aure/ørret er einaste fiskearten i fjellvatna.

FJORDFISKE: Fiske i fjorden er fritt. Turistinformasjonane i destinasjonen sel fiskekort og kart for aurefiske i fjellvatna. I Aurland kommune vert det selt fiskekort for 7 ulike soner, som til saman dekkar dei fleste fjellvatna i kommunen. Det er tilbod om eit felleskort ("Aurlandskortet") som gjev høve til å fiska i alle soner. Fiskekortet gjeld i utgangspunktet berre for stongfiske, dersom ikkje anna går fram av orienteringa om dei ulike sonene. Born under 16 år fiskar gratis før 20.august. Sone 1 : Aurland Statsallmenningen Sone 2: Aurlandsfjellet langs "Aurlandsvegen" Sone 3: Viddalsdammen Sone 4: Aurlandsdalen Sone 5: Stonndalen - Hednedalen Sone 6: Flåmsdalen Sone 7: Flåm vest Hugs bandtvang for hund - i Aurland komune er det bandtvang frå 1. april til 30. sept. ELVEFISKE - LAKS- OG AUREFISKE Aurlandselvi(berre aurefiske) Sesong: 10/7 - 31/8 - sjøaure med fluge/makk Turistinformasjonen i Aurland sel fiskekort i Aurlandselvi for Aurland Jakt- og fiskelag . Dette omfattar 5 soner. Sone 1: Bankhølen kr. 150 Sone 3: Langehølen kr. 250 for medlemar, kr. 350 ikkje medlemar Sone 4: Tjorøyna kr. 200 for medlemar, kr. 300 ikkje medlemar Sone 6: Kleppahølen kr. 200 for medlemar, kr. 300 ikkje medlemar Sone 7: Prestøyna kr. 150 for medlemar, kr. 250 ikkje medlemar - gjeld juli mnd

Sone 7: Prestøyna kr. 250 for medlemar, kr. 350 ikkje medlemar - gjeld august mnd

Fisketida er frå kl. 1200 ein dag til kl. 1200 dagen etter. Det er lov å fiska med flue når taumen utgjer kastevekta. Ein kan også fiska med mark - søkkevekt maks 5 gram. (dette tilsvarar 5 stk. 5 mm splitthagl). Alle andre typar søkke er forbode. Frå 1. sept. er det berre tillete med flugefiske nedanfor Lovisbrua. Gjeldane minstemål er 35 cm. Fiskeretten går midtstraums i elva. Døgnkvote er 1 stk. FISKE I VASSBYGDVATNET Sesong: 10/7 - 31/8 Fiskekort kan kjøpast i turistinformasjonen i Aurland . SMÅVILTJAKT Fjellrypa er det vanlegaste småviltet. Den er vanleg ved grassletter og i steinurer frå vierbeltet og opp i dei høgste toppane. Lirypa lever i vierbeltet og øvst i bjørkebeltet. Anna vanleg småvilt er hare og litt raudrev. Småviltjakta startar 15. september i statsalmenningen og i nokre private sonar. Før 1. oktober er det forbod mot bruk av hund. I kommunen er det bandtvang for hund frå 1.april til 30.september. Turistkontoret sel kort for sonene: 1 - Statsallmenningen 2 - Aurlandsfjellet (Aurland-Lærdal) 5 - Skjerdal Sameige

Källa: Visit Sognefjord AS