Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Fjøsnastølen

På denne turen opplever ein fin utsikt over Lusterfjorden og fjella på sørsida av fjorden. I aust ser ein grenda Optun og fjelltoppen Fanaråken.

Som namnet seier er dette stølen til grenda Fjøsne. Stølen ligg berre eit lite stykke oppe i lia, og vart nytta som vår- og hauststøl.

Den gamle ferdavegen mellom Skjolden og Luster gjekk forbi stølen og vidare over Ørnskaret mot Ottane. Nede ved fjorden var det uråd å komma fram på grunn av urer og berg som gjekk loddrett i fjorden.

På yttersida av stølen renn Mjelkåi. Elva/grova kjem direkte frå høgfjellet ovanfor stølen, og kan ha fått nam-net sitt fordi vatnet vart nytta til å kjøla mjølka på varme sommardagar. Om vinteren, når det vesle vatnet som var i elva fraus, vart elvefaret nytta til å løypa tømmer frå skogen ned til fjorden. (Det var elles ei større tømmerløyft lenger ute.)

På vegen opp til stølen passerer me ruinane av husmannsplassen Vikji. Her var mange hus, og plassen hadde mølle ved Mjelkåi. Husmannen vart utsagd og måtte avslutte drifta i 1942. Deretter måtte han riva husa og forlata plassen. Dei mange grunnmurane og restar av steinmura gjerde, vitnar om at det har vore lagt ned mange tunge arbeidsøkter i desse bratte bakkane, i ein seig kamp for å overleva.

Last updated: 03/05/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Fjøsnastølen

Nyligen besökta sidor