Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

SØRBØVÅG

Fjordkick - Vandring og fotturar

Book

I Hyllestad finn du mange fine, idylliske vegar og stiar med lite trafikk - perfekt til både vandring og fjelltur.

Oppdag Hyllestad frå toppane. I Hyllestad finn du mange fine, idylliske vegar og stiar med lite trafikk som passar fint til både vandring og fjelltur. Her kan du verkeleg oppleve i fred og ro, og du er garantert fjordutsikt!

Majestetiske Lihesten er eit populært turmål for fotturar og klatring. Majestetisk, trolsk og utfordrande - dette er ord som bert brukt om Lihesten, dette landemerket og samlande symbolet for Hyllestad. Det er mogleg å gå mange turar og bruke mykje tid i dette særmerkte fjellmassivet i Hyllestad. 

Hesjetinden er og eit populært turmål i Hyllestad. Her er ein tur utan dei brattaste kneikane, men opplevingsrik likevel der stien buktar seg fram i småkupert og helst ope terreng. 

Om du ønskjer ein lettare fjelltur, er det mange alternativ. Hyllestad har mange flotte og varierte turløyper, som passar både store og små. Hyllestad har eige turkart og mange av turane er godt skilta og merka. 

For meir informasjon, sjå gjerne nettsida: fjordkick.no.

Last updated: 09/11/2023

Source: Visit FjordKysten

Fjordkick - Vandring og fotturar

Book

Nyligen besökta sidor