Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Uggdal

Sykkeltur til Flatråkervassdraget

Sykkeltur frå kystlandsby gjennom skogsområde og langs blankjande vatn. Her syklar du gjennom både små alléar og tronge gardstun med hus heilt inntil vegen.

Sykkelturen til Flatråkervassdraget startar i kystlandsbyen Våge.

Idyll på sykkeltur

På turen er det nesten sånn av kvar sving og kvar ei slette freistar deg til å ta ein stans for å ta inn over seg idyllen og roen. Her er sjansen god for at du får vegen nesten heilt for seg sjølv. I sesongen er det beitande dyr, vinden som bles gjennom trekronene  og dekka som fer over asfalten gjer at det ikkje er heilt stilt!

Lengd

31,24 kilometer

Total høgdestigning

509 meter

Høgaste punkt

144 moh. Dette punktet kjem du til etter 21 km.

Start og ruteskildring av sykkelturen

Start ved ferjekaien i Våge. Etter ca 350 meter, ta til høgre i rundkjøringa på riksveg 49 mot Hodnanes og Stord. Følg riksveg 49 sørover til Flatråker, der ein kjem til vegkrysset som tek deg austover, langsetter Flatråkervassdraget. Du har då sykla 13,4 kilometer.

Langs vassdraget er det berre ein asfaltert veg som ein fylgjer. Du passerer Midtvatnet og kjem etter kvart til Nordbustadvatnet der du syklar langs austsida av vatnet. Her kjem du til ei lita stigning på 71 høgdemeter og opp til 144 moh.

Her er det flott utsikt over Nordbustadvatnet og nedover dalen.

Etter 21,6 kilometer kjem du tilbake til riksveg 49 ved Holma. Her tar du til høgre i krysset og følgjer riksvegen nordover attende til startpunktet i Våge.

Avstikkar for å bade?

På strekninga tilbake passerer du kommunesenteret i Uggdal, der du kan ta ein avstikkar ned til badeplassen Kjevikjo for å kjøla seg ned.

Last updated: 02/01/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Sykkeltur til Flatråkervassdraget

Nyligen besökta sidor