Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Uggdal

Flatråkervassdraget (31 km)

Sykkelturen til Flatråkervassdraget startar i kystlandsbyen Våge og går gjennom skogkledte områder og  langsetter blenkjande vatn. Ein syklar gjennom små alléar av velduftande furutrær og  gjennom tronge gardstun der husa står heilt inntil vegen. Kvar ein sving og kvar ei slette freistar deg til å  ta ein stans for å ta inn over seg idyllen og roen. Her får ein vegen mest heilt for seg sjølv. Berre beitande dyr, vinden som bles gjennom trekronene  og dekka som fer over asfalten gjer at det ikkje er heilt stilt. Ruta har ei totallengde på 31,24 kilometer og ei total høgdestigning på 509 meter. Turen sitt høgste punkt er på 144 moh. Det kjem ein til etter 21 km. Start ved ferjekaien i Våge. Etter ca 350 meter, ta til høgre i rundkjøringa på riksveg 49 mot Hodnanes og Stord. Følg riksveg 49 sørover til Flatråker, der ein kjem til vegkrysset som tek deg austover, langsetter Flatråkervassdraget. Ein har då sykla 13,4 kilometer. Langs vassdraget er det berre ein asfaltert veg som ein fylgjer. Ein passerer Midtvatnet og kjem etter kvart til Nordbustadvatnet der ein syklar langs austsida av vatnet. Her kjem ein til ei lita stigning på 71 høgdemeter og opp til 144 moh. Her får ein framifrå utsikt over Nordbustadvatnet og nedover dalen. Etter 21,6 kilometer kjem ein attende til riksveg 49 ved Holma og ein tek til høgre i krysset og fylgjer riksvegen nordover attende til startpunktet i Våge. Ein passerer på denne strekninga kommunesenteret i Uggdal der ein kan ta ein avstikkar ned til badeplassen Kjevikjo for å kjøla seg ned.

Sykkelturen til Flatråkervassdraget startar i kystlandsbyen Våge og går gjennom skogkledte områder og  langsetter blenkjande vatn. Ein syklar gjennom små alléar av velduftande furutrær og  gjennom tronge gardstun der husa står heilt inntil vegen. Kvar ein sving og kvar ei slette freistar deg til å  ta ein stans for å ta inn over seg idyllen og roen. Her får ein vegen mest heilt for seg sjølv. Berre beitande dyr, vinden som bles gjennom trekronene  og dekka som fer over asfalten gjer at det ikkje er heilt stilt.

Ruta har ei totallengde på 31,24 kilometer og ei total høgdestigning på 509 meter. Turen sitt høgste punkt er på 144 moh. Det kjem ein til etter 21 km.

Start ved ferjekaien i Våge. Etter ca 350 meter, ta til høgre i rundkjøringa på riksveg 49 mot Hodnanes og Stord. Følg riksveg 49 sørover til Flatråker, der ein kjem til vegkrysset som tek deg austover, langsetter Flatråkervassdraget. Ein har då sykla 13,4 kilometer. Langs vassdraget er det berre ein asfaltert veg som ein fylgjer. Ein passerer Midtvatnet og kjem etter kvart til Nordbustadvatnet der ein syklar langs austsida av vatnet. Her kjem ein til ei lita stigning på 71 høgdemeter og opp til 144 moh. Her får ein framifrå utsikt over Nordbustadvatnet og nedover dalen.
Etter 21,6 kilometer kjem ein attende til riksveg 49 ved Holma og ein tek til høgre i krysset og fylgjer riksvegen nordover attende til startpunktet i Våge.
Ein passerer på denne strekninga kommunesenteret i Uggdal der ein kan ta ein avstikkar ned til badeplassen Kjevikjo for å kjøla seg ned.

Last updated: 09/11/2023

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Flatråkervassdraget (31 km)

Nyligen besökta sidor