Folven Adventure Camp i Hjelledalen er gjennom vår- og sommarsesongen ein camp for overnatting og friluftsaktivitetar, med hytter, campingplassar, skatepark, pumptrack, slakklinepark, kafé og pub.
Folven Camping ligg i Hjelledalen, ved foten av Strynefjellet og kan tilby fem ulike hytte typer etter ditt behov. Dei minste hyttene er plass til fire personar, medan den største har plass til 12. Campingen har kjøkken og sanitæranlegg som gjestene kan nytte seg av.
På området finn du stort uteområde med grillplassar, skatepark, pumptrack, sandvolleyballbane og slakklinepark. Folven Camping vil også ynskje velkomen til sin eigen butikk, pub og kafè som er opne kvar dag. Sal av fiskekort og formidling av båtutleige. På Folven Camping finn du også eit eige klatrefelt og Via Ferrata Folven.
Folven Camping er den næraste campingplassen til Stryn Sommerskisenter, og er eit godt utgangspunkt for dagsturar til bla. Geiranger og Briksdalsbreen. På Folven kan du slappe av og nyte ferien i flotte omgjevnader, med utsikt mot den spektakulære Sunndalen, Hjelledøla og dei mektige fjella i Jostedalsbreen Nasjonalpark.
Området rundt Folven passar godt for aktivitetar som sommerski, sykling og vandring. Gjennom sesongen blir det også arrangert ulike festivalar på campingen. Dei to mest kjende er Strynefestivalen og Folven sykkelfestival.
"Her er mitt vesle paradis. Her bur eg når eg ikkje køyrer ski i Alpane. Ta gjerne turen hit for å teste både pumptrack, slakkline eller skating. Området rundt Folven er også supert for aktivitetar som sommerski, sykkel, vandring osv. Treng du overnatting, så har eg det. Her finn du også ein liten pub".
- Fred Syversen
Källa: Nordfjord









