Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

TripAdvisor rating of 3.5

206

Fossheim | Hotell

Book

Historisk overnatting i hjarta av Lom sentrum, eit perfekt utgangspunkt for turar i tre nasjonalparkar med gourmetmåltid servert i den trivlelege spisesal etter turen.

Fossheim Hotell er eit historisk og tradisjonsrikt hotell midt i nasjonalparklandsbyen Lom i Jotunheimen. Her får du god overnatting i ei roleg atmosfære. I restauranten kan du nyte både norsk tradisjonsmat og gourmetmat tufta på lokale råvarer frå nasjonalparkane rundt oss.

Hotellvert og vinkjennar Svein Garmo er tredje generasjons eigar på Fossheim Hotell. Saman med dottera Heidrun driv dei familiehotellet vidare. Vertskapet ynskjer at å koma hit skal vera som å koma heim til dei. Dei er vi opptekne av å halde tradisjonar ved like, og er stolte av kulturarven sin, både når det gjeld byggeskikk, anna handverk og ikkje minst maten.

Fossheim og Lom er eit ypperleg utgangspunkt for turar i Jotunheimen, som Galdhøpiggen, Besseggen, sommarski, topptur og vandring. Frå dørhella finn du mange oppmerka turstigar i nærområdet til hotellet.

Fossheim, Lom og Jotunheimen er ein naturleg stoppestad når du skal frå aust til vest, enten over Sognefjellet Fv55, Valdresflya Fv51 eller Strynefjellet Rv15

Last updated: 02/12/2024

Source: Visit Jotunheimen AS

Fossheim | Hotell

Book

Nyligen besökta sidor