Årdal
Frå fjord til fjell
Holevegen 9, Årdal, Øvre Årdal
Frå Fjord til Fjell med guida turar frå Bulder&Brak Opplevingar som arrangera padling på fjorden og tur i fjellet.
6-8 timars guida tur. Me padlar frå Øvre Årdal til den veglause dalen Nundalen. Frå vatnet vandrar me opp til garden Haugstad som ligg på 520 moh. Eit fantastisk utsynspunkt! Guiden vil fortelja om historia til Nundalen - før industrialiseringa tok tak og endra Årdalssamfunnet. Du får også høyra nokre av segnene knytt til dette dalføret. Denne turen byr på noko utanom det vanlege - og er ein tur for minneboka - som ikkje "alle" får oppleva!
PRIS:
Vaksen (12+): KR 1450,-
Last updated: 02/29/2024
Source: Visit Sognefjord AS
Frå fjord til fjell