Fransøyra Hytteutleige i Utvik ligg 3–5 meter frå Nordfjorden og tilbyr hytter med robåt, fjordutsikt og flotte turmoglegheiter mellom fjord og fjell.
Velkomen til Fransøyra Hytteutleige i Utvik!
Hyttene ligg berre 3–5 meter frå strandkanten ved den vakre Nordfjorden. Her kan du fiske i fjorden eller ta ein roleg tur med robåt. Begge hyttene disponerer eigen robåt. Området byr også på flotte turmoglegheiter i skog og fjell.
Fransøyra Hytteutleige ligg om lag 400 meter vest for Utvik sentrum, der du finn kolonialbutikk, kafé, kunstutstilling og kunsthandverk. Her ligg også Utvik kyrkje, som er open på dagtid om sommaren.
Om vinteren byr Utvikfjellet på flotte moglegheiter for ski. Her kan du gå turar langt innover fjellet, eller ta turen til alpinbakken og skitrekket.
Utvik ligg sentralt i Nordfjord og er eit godt utgangspunkt for turar til mellom anna Briksdalen, Lodalen, Strynefjellet og Geiranger. Du kan også ta turen til Selje og Vestkapp. Hyttene ligg 44 kilometer frå Stryn sentrum.
I Jølster, på Sandane og i Hornindal finn du museum av ulike slag. Det er også mogleg å rafte i Jølstra.
På Fjordhestgarden på Breim kan både barn og vaksne bli med på korte eller lengre rideturar med den staselege fjordhesten.
Hyttene:
Hyttene har to soverom med dobbeltsenger og hems med tre madrasser. Dei har også dusj, toalett og vaskemaskin.
Kjøkkenkroken er utstyrt med komfyr, oppvaskmaskin, kjøleskap med fryseskap og kaffitraktar. Stova har peisomn og TV, og frå stova er det direkte utgang til ein veranda med hagemøblar og grill.
Velkomen til ein stille og roleg ferie mellom fjord og fjell, med mange moglegheiter for naturopplevingar.
Källa: Nordfjord








