Skip to main content
Unknown Component
civid: 585c435a11ef199d3d237833
name: plugins_common_social_share (widget)

Ulvik

Frystetjørn

Frystetjørn er eit flott, stort vatn i eit roleg fjellområde nær Ulvik sentrum. Små, privateigde gamle hytter ligg rundt tjørnet, og byr på flotte utsiktspunkt og ein sjanse for å koble heilt av bråk og støy frå både bygd og by.

Denne turen leier vekk frå bråk og ståk frå bygd og by. Frystetjørn er eit roleg, stort vatn i eit urørt fjellområde med gode turtilhøve.


Startpunkt
Hardanger Gjestehus i Ulvik eller halvvegs opp til innsjøen ved skogsvegen (sjå kart).

Om løypa
Grusveg opp til Fryste (begrensa parkeringskapasitet ved enden av vegen), godt merka fotsti. Rundtur anbefales for å sjå eit annleis landskap på tilbakevegen, med ei flott utsikt over Ulvik sentrum. Hugs å alltid forlate portane akkurat som du fann dei - lukka eller opne. Dette er ein fin tur gjennom skogen, og på slutten av løypa kan du sette deg ned og nyte den stille innsjøen. Ta med ein termos med kaffi og litt frukt, så kan du oppleve gleda ved denne rolege skogplassen.

Parkering: Ved startpunkta
Parkeringsavgift: Ingen
Lengde: 5 km (frå skogsbilvegen), 13 km (frå Ulvik).
Total stigning: 230 meter (frå skogsbilveien), 500 meter (frå Ulvik).
Total gangtid: 2 timar (frå skogsbilveien), 5 timar (frå Ulvik sentrum).
Sesong (gjennomsnittlig år): Mai - september

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Frystetjørn

Nyligen besökta sidor