Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

TripAdvisor rating of 5

31

Fyrst og Fremst | Brevandring

Book

Gira på å utforske bresprekkar, istårn og tunellar? Bli med Fyrst og Fremst på brevandring i Jotunheimen, og få nærkontakt med blåisen!

Gira på ei oppdagingsferd i blåisen?  Brevandring er som ein tur attende i tid, der du får utforske isen og sjå på korleis den har forma landskapet gjennom tusenvis av år.

I løpet av ein slik tur oppsøker ein ulike formasjonar som bresprekkar, istårn, tunellar og holer. 

I Jotunheimen har vi isbrear i ulike former. Dei flate breane med få sprekkar vert ofte brukt for å få tilgang til ein fjelltopp, medan dei meir spektakulære breane vert nytta for opplevinga.

Brevandringa er lagt opp som ein 5-timars tur, med om lag 3 timar på sjølve isen,  der du vil lære korleis isbreane har vore med å utforma Noreg gjennom tusenvis av år.

Bøverbrean er ein del av den mektige Smørstabbreen som strekk seg ei mil frå turisthytta Krossbu, rundt Storebjørn og ned mot Gravdalen. Svellnosbreen har litt lengre innmarsj frå Spiterstulen turisthytte, men gjev like lang tid på isen. I løpet av dagen oppsøker vi fantastiske blåisformasjonar og utfordringar som er tilpassa gruppa.

Målet med ei brevandring er ikkje å koma lengst mogleg på den tida vi har, men å oppleva noko. Fyrst og Fremst legg derfor opp til å gjera gruppa merksame på det vi har rundt oss av plante og dyreliv, formasjonar i isen og historiane bak dette. På brevandringane utforskar vi breane med det dei har å by på av sprekkar, tunellar og tårn i isen. Førebu deg på ein avslappa og triveleg tur der skjerpa sansar står i fokus!

Breane er alltid vakre, men kan vanlegvis vera meir spektakulære mot slutten av sumaren.

Kontakt oss for spørsmål og bestilling

Last updated: 12/13/2022

Source: Visit Jotunheimen AS

Fyrst og Fremst | Brevandring

Book

Nyligen besökta sidor