Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Galdhøpiggvegen |Nord-Europas høgastliggjande bilveg

Galdhøpiggvegen, Nord-Europas høgastliggande bilveg, tek deg med på ei 15 km lang asfaltert oppstigning i variert natur, frå lun barskog til snaufjell, isbrear og permafrost.

Galdhøpiggvegen, Nord-Europas høgastliggande bilveg, tek deg med på ei 15 km lang asfaltert oppstigning i variert natur, frå lun barskog til snaufjell, isbrear og permafrost.

På finværsdagar er utsikta spektakulær langs hele vegen, som startar 550 moh. ved Galdesand og stig opp til 1841 moh. ved Juvasshytta. Høgdepunktet for dei fleste er panoramautsikta mellom anna til Galdhøpiggmassivet og Glittertind ved vegens endepunkt.

Etter ca. 5 km ved Raubergstulen er det bomveg med kortbetaling. (100,-/personbil).  Undervegs finn du òg Galdhøpiggen Klatrepark og Storhaugen gard ein liten sving unna. Frå toppen kan du nyte sol, slush og sommarski. Om du likar å sykle, er dette Noregs svar på Mont Ventoux, i følge tidlegare proffsyklist Ole Kristian Silseth. 

Historisk attendeblikk:
Den øvre delen av vegen, Raubergstulen – Juvasshytta, vart påbegynt i 1934 av Knut K. Vole, vert på Juvasshytta (1914-1956). Han hadde eit budsjett på 10 000 kr, og ti mann med spade, hakke og trillebår vart engasjert til å gjennomføre utbygginga av vegen, som på denne tida ble kalt Juvasshyttvegen. Få hadde tru på prosjektet om bilveg opp til Juvasshytta, men da den endeleg var ferdig var det mange som nytta seg av den. Vegen gjorde det også mogleg å etablere Galdhøpiggen sommarskisenter som ligger 800 meter fra Juvasshytta, og er svært populært både blant aktive alpinister og andre skikøyrarar.

Det er mykje jobb å vedlikehalde en slik veg. I 2005 utvida Ragnhild Vole (vertinne 1956-2006) vegen med ny, breiare og asfaltert trasé. Vegen er åpen fra medio mai til ut oktober med vêrforbehald.

Last updated: 02/03/2022

Source: Visit Jotunheimen AS

Galdhøpiggvegen |Nord-Europas høgastliggjande bilveg

Nyligen besökta sidor