Besøk Gamlebutikken på Hjelle – ein sjarmerande liten kafé i ein historisk bygning frå 1882, med nydeleg utsikt over Oppstrynsvatnet, bre og fjell.
Gamlebutikken på Hjelle er ein del av den rike historia til Hjelle Hotell og har vore knytt til Hjelle-familien sidan starten i 1882. Det som ein gong var ein kolonial- og landhandel, er i dag ein koseleg kafé med ein unik atmosfære og vakre omgjevnader.
Her kan du nyte gode lunsjrettar og kaffimat, og den populære Afternoon Tea, inspirert av britiske tradisjonar og servert i vakkert engelsk porselen. Du finn også eit utval av lokal brukskunst, kunstverk og engelsk porselen.
Gamlebutikken er sesongopen om sommaren, og er ein hyggeleg stad å ta ein pause medan du utforskar Hjelle, Oppstryn og området rundt.
Velkomen til ei hyggeleg stund på Gamlebutikken på Hjelle!
Källa: Nordfjord








