Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

GEIRANGER

Geiranger Sjokolade - Sjokoladefabrikken

Geiranger Sjokolade er den første sjokoladefabrikken i verda som held til i eit naust. Varemerket vårt er difor "fjordnær" som òg spelar på "jordnær": All sjokolade blir laga frå grunnen, utan konserveringsmiddel eller andre tilsetjingsstoff. Sjokoladeproduksjonen er reint handarbeid. Vi brukar skorne, ikkje støypte bitar, slik at vi får eit så tynt lag av sjokolade som råd. Filosofien vår er at ting skal smake. Vi utviklar nye sjokoladeoppskrifter baserte på eigne smaksløkar. Frå fyllet blir laga i kjøkkenet til den ferdige sjokoladen ligg klar for sal i butikken, går det tre dagar på det raskaste. Råvarene til fyllet kjem frå området her i den grad det går, men vi hentar òg spanande smakar frå andre land. Godbitane får til slutt eit bad i mørk, nydeleg sjokolade – mmm! Er du interessert i å sjå korleis vi lagar sjokolade? Vi tek imot besøk i naustkjellaren på bestilling. Dit kan du kome om du berre er interessert i å sjå produksjonslokala og lære om korleis vi lagar den smaksrike sjokoladen vår, eller om de er ei gruppe som vil gjere ei meir omfattande sjokoladeprøving og trengje djupare inn i den fantastiske sjokoladeverda. Velkomen!

Geiranger Sjokolade er den første sjokoladefabrikken i verda som held til i eit naust. Varemerket vårt er difor "fjordnær" som òg spelar på "jordnær": All sjokolade blir laga frå grunnen, utan konserveringsmiddel eller andre tilsetjingsstoff.

Sjokoladeproduksjonen er reint handarbeid. Vi brukar skorne, ikkje støypte bitar, slik at vi får eit så tynt lag av sjokolade som råd. Filosofien vår er at ting skal smake. Vi utviklar nye sjokoladeoppskrifter baserte på eigne smaksløkar. Frå fyllet blir laga i kjøkkenet til den ferdige sjokoladen ligg klar for sal i butikken, går det tre dagar på det raskaste.

Råvarene til fyllet kjem frå området her i den grad det går, men vi hentar òg spanande smakar frå andre land.

Godbitane får til slutt eit bad i mørk, nydeleg sjokolade – mmm!

Er du interessert i å sjå korleis vi lagar sjokolade?

Vi tek imot besøk i naustkjellaren på bestilling. Dit kan du kome om du berre er interessert i å sjå produksjonslokala og lære om korleis vi lagar den smaksrike sjokoladen vår, eller om de er ei gruppe som vil gjere ei meir omfattande sjokoladeprøving og trengje djupare inn i den fantastiske sjokoladeverda.

Velkomen!

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Geiranger Sjokolade - Sjokoladefabrikken

Nyligen besökta sidor