Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Skjåk

Gjeilo Camping i Skjåk

Gjeilo camping er ein stille og roleg familiecamping som ligg idyllisk til ved elvebredden vest for Lom sentrum.

Gjeilo Camping ligg 7,5 km frå Lom sentrum i retning mot Stryn. Dette er ein stille og roleg familiecamping som ligg idyllisk til ved elvebredden.

Staden er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar i Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen, samt dagsturar til Vestlandet.

Campingplassen ligg rett ved elva med ei fin sandstrand. Det er mogleg å både bade og fiske i elva. Campingplassen har dessutan kano og kajakkar for utleige, og det er ein liten leikeplass for barn her. Gjeilo Camping har god plass til telt, bubil og campingvogner - og det er ypperleg å bu i hengekøye mellom trea på campingen. Du kan leige hengekøye i resepsjonen. 

Hytter på Gjeilo camping: 
Her finn du 10  enkle campinghytter med eitt rom og fire sengeplassar. Det er i tillegg spiseplass, kokeplate og et kjøleskap i alle hyttene. 

Gammelstugu er eit lite hus til utleige, som ligg 200 meter frå campingplassen. Gammelstuggu har 2 soverom, stove/kjøken og bad.

Campingplassen har sanitæranlegg utstyrt med kjøken, vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel samt dusj/garderobe. 

Last updated: 05/30/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Gjeilo Camping i Skjåk

Nyligen besökta sidor