Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Sogndal

Fjord & Glacier Tour - From Balestrand

Book

Fjord & Glacier tour from Balestrand to Fjærland. The narrow Fjærlandsfjord with its steep and forested mountainsides leads you to the edges of the majestic Jostedal Glacier.

Den smale og vakre Fjærlandsfjorden er omkransa av bratte, skogkledde lier, og strekkjer seg heilt inn mot den majestetiske Jostedalsbreen. Fjordvatnet her har ofte ein nydeleg, lysegrøn farge pga. breelvane som renn ut i fjorden. I Fjærland, inst i fjorden, ligg Norsk Bremuseum og Den norske bokbyen. Herifrå er det kort veg til Supphellebreen og Bøyabreen, som begge høyrer til Jostedalsbreen.

Fjorden var lenge den einaste vegen til Fjærland, men i dag knyter riksveg 5 bygda saman med både Sogndal og Skei/Førde. Frå den populære rasteplassen på Berge i Fjærland har du vidt utsyn over Fjærlandsfjorden.

Det går passasjerbåt på fjorden frå 1.juni til 15. september, slik at dei reisande skal få oppleve dette vakre fjordlandskapet. Store deler av den 27 km lange Fjærlandsfjorden er utan vegsamband, og fleire stader langs fjorden ligg idylliske, fråflytta grender og gardar.

Start frå Balestrand eller Fjærland. Fjærlandsfjorden er vakker og majestetisk, omkransa av snøkledde fjelltoppar. Fjorden har ein lys grønfarge på grunn av alt smeltevatnet som renn ut i fjorden. Båtturen er ei fantastisk oppleving frå kunstbygda Balestrand gjennom det vakre fjordlandskapet og nesten heilt fram til Jostedalsbreen. Frå Fjærland går det buss til Norsk Bremuseum og til foten av sjølve breen. Me anbefalar eit lengre opphald i Fjærland for å nyta naturen og besøkja Den norske Bokbyen. Retur til Balestrand/Fjærland på ettermiddagen med båt.

Bestill billett til Fjord cruise Fjærlandsfjord her


Når går båten?

Avreise Balestrand 12:10

Ankomst Fjærland: 13:25

Avreise Fjærland 15:30

Ankomst Balestrand: 16:45


Price:

Adults; 1190 NOK


Last updated: 03/26/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Fjord & Glacier Tour - From Balestrand

Book

Nyligen besökta sidor