Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Hjelledalen

Glomnesfossen

Glomnesfossen er ein stor og vakker foss i nærleiken av Hjelle ved Oppstrynsvatnet.

Køyrer ein langs Oppstrynsvatnet austover mot Grotli, kan ein sjå fossen på den andre sida av vatnet. Like før tunellen på Hjelle, kan du ta til høgre og køyre gamlevegen forbi hotellet og ta til venstre over elva mot Glomnes.

Køyr forsiktig for det er både skule og barnehage like ved. Køyr langs vatnet til du finn ein parkeringsplass. Parkeringa kostar pengar.

Spaser på grusvegen fram til gardstuna på Glomnes, det er også her ein kjem nedatt på vegen når ein har gått denne turen. Vis respekt for andre sin eigedom når ein går forbi hus til ein ser eit skilt med «Glomnesfossen». På høgre sida kan ein allereie sjå Glomnesfossen.

Frå vårsmeltinga og til langt ut på sommaren og hausten er fossen på sitt beste. Fossen har sitt utspring frå Glomsdøla lenger inne i Glomsdalen (12,9 km) og er mata av smelta snø og is frå fleire små isbrear. Ikkje alle er namngitt, men Nautbreen er ein av dei. Gjennomsnittlig volum av Glomsfossen er 2,45 m³ / s. Elva er beskytta mot kraftutvikling.

Dersom ein likar fotturar, er parkeringsplassen eit populært utgongspunkt for fleire turar. Ein av turane går langs fossen til fjellgarden Segestad (Sigdestad). Her har ein flott utsikt over Oppstrynsvatnet og dalen elles. Det er også mogleg å gå vidare inn i Glomnesdalen til Glomnessetra.

Last updated: 03/26/2024

Source: Nordfjord

Glomnesfossen

Nyligen besökta sidor