Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Olden

Gryta camping

Eventyrleg vakkert i Oldedalen! Ein campingplass med kvilepuls rett ved Oldevatnet. Gratis båt til alle gjester, og eit ypperleg utgongspunkt for store og små fjellturar.

Gryta camping er startpunkt for vandretur til Storesteinen i Gytridalen med utsikt til majestetiske Gytrifossen. Briksdalsbreen, Olden, Loen Skylift, Loen Play, og Stryn ligg ein kort køyretur frå oss. Vi gjev deg gjerne turtips i resepsjonen.

Gratis båt, sitontop kajakk, kano og trøbåt for alle våre gjester, og moglegheit for eit forfriskande bad i brevatnet. Ved elva er der også bålpanner til fri bruk.

Vi har eit enkelt utvalg av basisvarer i kiosken, og servering av nysteikte rundstykker på bestilling kvar morgon.

Campingen er stor og romsleg, og du får velge blant ledige plassar ved ankomst. Fem sjarmerande sommarhytter med eigne uteplassar. Seks plassar for hengekøyer ved vatnet. 120 campingeiningar.

Booking på www.gryta.no
Oppdaterte prisar og informasjon finn du på www.gryta.no. Ta gjerne kontakt!

Velkomne til kvilepuls hjå oss på Gryta camping.

Last updated: 08/14/2023

Source: Nordfjord

Gryta camping

Nyligen besökta sidor