Skip to main content
Unknown Component
civid: 585c435a11ef199d3d237833
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

Guida breføring på Buarbreen - Hardanger Breføring

Book

Familievennlig brevandring med guide på Buarbreen i Hardanger. Bli med på ei kjekk oppleving beståande av isbre, fjellformasjonar og Nasjonalparkgården i Odda.

Bli med Hardanger Breføring på tur med guide på Buarbreen. Som ein vassekte Espen Askeladd fylgjer du stien frå Nasjonalparkgården, gjennom natur, skog og vassdrag og over hengebruer. Turen opp tek om lag 1,5 timar, og med breen i siktet langs heile stien, er motivasjonen på topp før du sjølv når blåisen.

På platået møter du guiden din som tilpassar utstyr, nivå og tempo, før det verkelege eventyret startar. Brevandinga på den 5.000 år gamle isbreen passar for både vaksne og born over 10 år, og er ein aktivitet for både barnefamiliar, ungdommar, vaksne, eller alle imellom. Blant isberg og breformasjonar er dette ein morosam og variert tur for alle. Parkeringsmogelegheitene er gode og kostar 150 kroner – uansett lengde på stopp.

Turen krevjar ingen forkunnskaper. Inkludert i prisen på 595 per person får du med guide, naudsynt utstyr, flotte opplevingar og tryggleiken i behald. Turen går kvar dag i juli og august med avgang klokka 11 og 15.
Etter turen fylgjer du same veg ned til Nasjonalparkgården på Buer, som for øvrig er verdt eit besøk i seg sjølv.

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Guida breføring på Buarbreen - Hardanger Breføring

Book

Nyligen besökta sidor