Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland KINN

Guida tur på Svanøy

  • Svanøybukt, SVANØYBUKT
  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview
Details

Opplev historiske Svanøy! Her får du guida omvising på historiske Svanøy Hovedgård, og besøke Norsk Hjortesenter, der du får oppleve hjorten på nært hald.

Opplev historiske Svanøy!
Frå Florø seglar lokalbåten gjennom eit storslått landskap til Svanøy. Svanøy, kjent som "Sunnfjords perle", er den sørlegaste og frodigaste øya i Kinn kommune. På ein guida tur på Svanøy får du nærkontakt med hjorten på Norsk Hjortesenter. Kjekt for både liten og stor! Svanøy si historie er mangfaldig og på den guida turen får du omvising på vakre Svanøy Hovedgård som gjennom tida har vore både adelssete og bispegods. Svanøy er kjent for å produsere hjort og laks av høg kvalitet. Etter den guida turen kan du nyte eit herleg måltid med lokale råvarer. Guida turar går fast på sommaren og blir tilbydt på førespurnad resten av året.  ​​​​​
Guida tur på sommaren
Frå midten av juni til midten av august kan bli med på omvising på Norsk hjortesenter og Svanøy Hovedgård. Transport frå Svanøybukt til Norsk Hjortesenter og Svanøy Hovedgård er inkludert i billetten. Båtbillett tur/ retur Florø kjem i tillegg og må kjøpast om bord i lokalbåten. 
REISEFORSLAG
12.00 Avreise med lokalbåt frå Fugleskjærskaia i Florø 
12.50 Framkomst Svanøybukt 
12.50 Transport frå Svanøybukt til Norsk Hjortesenter 
13.10 Omvising på Norsk Hjortesenter 
14.00 Transport til Svanøy Hovedgård 
14.20 Omvising på Svanøy Hovedgård 
15.05 Vandring til Svanøybukt på eige hand, der det er moglegheit for å kjøpe lunsj på Svanøy Kro med lokale råvarer.
15.20 Avgang Svanøybukt
15.50 Framkomst Florø
Seinare rutetider
16.50 Om du ønskjer å kjøpe lunsj på Svanøy Kro med lokale råvarer går det båt frå Svanøybukt til Florø 16.50. 
17.40 Framkomst Florø
Guida tur resten av året
Guida turar kan bestillast gjennom heile året på førespurnad. Bistro to kokker kan lage eit opplegg som passar til ønska dine. Ei skreddarsydd oppleving kan mellom anna innehalde: - omvising på Norsk Hjortesenter - omvising på​​​ Svanøy Hovedgård - middag på Svanøy Hovedgård med lokale råvarer - transport på øya - overnatting på Svanøy Hovedgård - møterom med plass til 140 på Norsk Hjortesenter
Du kan lese meir om skreddarsydde opplevingar på Svanøy her. Ta gjerne kontakt med Terje Andersen i Bistro to Kokker for meir informasjon og bestilling. E-post: terje@tokokker.as. Telefon: 404 02 490.   
Svanøybukt
Svanøybukt er ein møteplass for både feriegjester og dei lokale innbyggjarane. Her finn du gjestehamn med straum, landhandel og kro. På landhandelen kan du få gratis kart over øya og leige sykkel. Ein sykkeltur på den frodige øya er ei flott oppleving! Ring gjerne til 5774 0029 for å reservere sykkel på førehand. Like ved landhandelen ligg Svanøy kro. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Övernattning

Hotellfaciliteter
  • Familjevänlig

Utomhusaktiviteter

Aktiviteter
  • Historisk vandring

Planera din resa

Servicios
  • Familjevänlig

Mat & dryck

Restauranger & caféer
  • Lunch

Aktiviteter

Temaparker
  • Familjevänlig

Price

Description Price*
Voksen Vaksen 315,00 Guiding
Barn 160,00 Guiding
* Price from
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages