Skip to main content
Unknown Component
civid: 585c435a11ef199d3d237833
name: plugins_common_social_share (widget)

Kvam

Guida turar til fots – Hardangerfjord Adventure

Book

Utforsk dei spektakulære fjella i Hardanger på ein guida og skreddarsydd tur med Hardangerfjord Adventure.

Hardangerfjord Adventure tilbyr guida turar på førespurnad til lokale perler, seterstøler, utsiktspunkt og definerte fjelltoppar i området rundt Norheimsund, Øystese, Strandebarm og Jondal. I dette området får ein i stor grad gå i fred og ro med lokalkjende guidar i nydeleg fjordlandskap.

Hardangerfjord Adventure skreddarsyr gjerne slik at turen vert akkurat slik du ynskjer deg!

Lette turar (2-3 timar): Dette er enkle turar som eignar seg godt til både familiar, nybyrjarar og mindre grupper. Turane går enten i stor grad på  grusveg og/eller sti til eit vatn utan særleg stigning, eller kortare turar med stigning opp til eit lett tilgjengelig utsiktspunkt med flott utsikt. Perler som Fitjadalsvatnet, Krokavatn, Skårsete og Vikedalsnebbet kan nemnast som fleire av guidane sine personlege favorittar.

Middels turar (3-5 timar): Dette er fjellturar som gjev ei suveren utsikt ut over nydeleg fjordlandskap og dalføre! Turane eignar seg godt for dei som er i normal fysisk form og mindre grupper. Me startar rundt 250-400 moh. og beveger oss på sti opp i høgda for å få den storslåtte utsikta på fjelltoppar 900-1100 moh. På desse turane går ein blant anna til dei lokale favorittane Torefjell, Tørvikanuten og Klyvenuten.

Krevjande turar (5-10 timar): Utfordrande og lenger fjellturar som enten gjev panoramutsikt over fjord/fjell eller spesiell utsikt over fjordarmar og dalføre. Turane eignar seg godt for dei som er i god fysisk form og mindre grupper. Dette er lengre turar på 15-25 km der ein beveger seg opp til toppar på 800-1400 moh. Desse turane vert skreddarsydde til kvar gruppe, men ofte kjem ein av favorittane Vikanuten, Kiellandbu, Fuglafjell eller Manfjell på turplanen.

Opplev Hardanger saman med Hardangerfjord Adventure! Dei tilbyr båtturar med RIB heile året, guida turar til fots og guida toppturar på ski. Daglege påmeldingsturar med RIB frå Øystese eller gruppeturar på førespurnad frå hamner som til dømes Norheimsund, Øystese, Jondal, Herand, Strandebarm, Rosendal og Lofthus.  Dei tilbyr også båt-transport til og frå den veglause grenda Botnen inst i fjordarmen Fyksesund. Guida turar til fots gjerast for mindre grupper på førespurnad og går forbi skjulte perler langs fjorden som er mest nytta av dei lokale.

Vinterstid tilbyr dei også guida trugeturar og toppturar på ski.

Last updated: 11/13/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Guida turar til fots – Hardangerfjord Adventure

Book

Nyligen besökta sidor