Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

LEIRVIK I SOGN

Guida vannscootersafari - Sognefjord Boating

Book

Prøv vannscooter i trygge omgjevnader saman med ein av guidane til Sognefjord Boating. Ei fantastisk naturoppleving kombinert med litt fart og spenning.

Har du lyst på ein fantastisk naturoppleving kombinert med litt fart og spenning? Ønskjer du å prøve vannscooter i trygge omgjevnader saman med ein av guidane til Sognefjord Boating? Då kan vannscootersafari på kysten og i fjordane yttst i Sogn og Sunnfjord vere noko for deg! I samarbeid med Hotel Sognefjord i Leirvik i Hyllestad kan du bli med på vannscootersafari for mindre grupper (2-5 personar). Vannscootersafari er ei flott naturoppleving, som kan kombinerast med fart og spenning dersom du ynskjer det. Vannscootersafari er noko for deg som kan tenkjer deg å prøve ein vannscooter i trygge rammer, samtidig som du får oppleve noko av den fantastiske kystnaturen og -kulturen Ytre Sogn og Sunnfjord har å by på.  Sognefjord Boating tilbyr i utgangspunktet turar på ein, to eller fire timar inkludert opplæring, men skreddarsyr gjerne ein tur for deg og dine vener.  For å køyre vannscooter er det krav om minimumsalder 16 år og båtførerbevis. Er du født før 1980, er det ikkje krav om båtførarbevis. 

Last updated: 09/21/2022

Source: Visit FjordKysten

Guida vannscootersafari - Sognefjord Boating

Book

Nyligen besökta sidor