Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Kviteseid

TripAdvisor rating of 5

1

Hægefjell Vrådal

Topptur til den majestetiske fjelltoppen Hægefjell byr på fint fjellterreng og fantastisk utsikt langs godt merket sti. Turen tar omtrent 6 timer.

Topptur til den majestetiske fjelltoppen Hægefjell. Turen byr på fint fjellterreng og fantastisk utsikt langs godt merket sti. For de fleste er dette en dagstur på ca. 6 timer.

Du kan starte ved Vrådal Panorama skisenter og ta turen opp til Tverrfjellet.

Du kan òg starte ved Stemnetten. Køyr bomvegen (med betalingsterminal for bank-/ kredittkort) til toppen av fjellet. Parkering ved Utsikten. Der går turvegen, merkt med raudt, forbi Luktarhola, Sveigefjell, Brennstøylnuten og Hægefjellskardet og opp til toppen av Hægefjell. Frå Hægefjell går du same stien tilbake til utgangspunktet. Det er òg mogleg å ta turen vidare ned til Nissedal og Fjone.

Dette er ein middels krevjande tur med flott panoramautsikt over Vrådal og vassdraga Nisser og Vråvatn. Turen er flott anten du ønskjer å gå heile eller berre delar av vegen. Frå Stemnetten og innover fjellet har du heile vegen vidt utsyn i alle himmelretningar. Du går for det meste på fjell, men det finst nokre fuktige parti. Hugs godt fottøy og vindjakke!
 

Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Hægefjell Vrådal

Nyligen besökta sidor