UGGDAL
98
Haaheim Gaard
Breakfast for purchase
Conference facilities
Restaurant/cafe
Autumn
Free wifi
Guest parking
Velkommen skal du vera.. …i ei tid ein trudde var faren. Ein oase for det gode liv. Opplev smakar av svunne tider i restauranten, drøym deg vekk i romantisk landstil i hotellværelse, bar og salong.
Haaheim Gaard har mange ulike tilbod og mange ulike grupper av gjester; selskap og jubileum, romantisk helg for to, kurs- og møtegrupper, vennegjengar og turistgrupper. Velkommen skal du vera..
…i ei tid ein trudde var faren. Ein oase for det gode liv. Opplev smakar av svunne tider i restauranten, drøym deg vekk i romantisk landstil i hotellværelse, bar og salong. La kulturhagen med sine fleire hundre roser og rhododendron, frukttre og urtehage ta deg med i ei verd du ikkje visste fans.
Her kan du vakne opp i herskaplege omgjevnader på gjesteromma. Alle har eigne bad, dei fleste med løvebadekar. Romma har utsikt mot hav og solnedgang. Alle har sitt eige historiske uttrykk, med reproduserte herregårdstapetar.
I hovudsalen er det plass til 70 middagsgjester, konsertsalen har plass til 80 middagsgjester. Her er fleire lokale som f.eks «Vinkjellaren», loungeområde og ein eigen vinterhage. Møterom opp til 50 stk.
Last updated: 09/11/2023
Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Haaheim Gaard