Skip to main content
Unknown Component
civid: 585c435a11ef199d3d237833
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

Hardangervidda: fire-dagars tur, "Best i Vest"

Kinsarvik-Husedalen-Stavali-Torehytta-Hårteigen-Tyssevassbu-Trolltunga-Skjeggedal

Opplev dei beste attraksjonane på Vestvidda i ein tur: Husedalen, Hårteigen, Trolltunga. Dette er ein fire-dagars tur som tek deg gjennom den vakre Vestvidda. Husedalen er kjend for dei fire store fossane, Hårteigen er det karakteristiske fjellet 1690 moh. Ver merksam på at turen opp Hårteigen krev klatring, og ein må sjølv vurdera om det er trygt. Trolltunga er god avslutning på denne turen. Om du berre vil ha ein dagstur til Trolltunga, finn informasjon om det her. Hugs å kjøpe fiskekort på Turistinformasjonen!

Sesong: juli og august 

Rute/tidsbruk:

Første dag: Kinsarvik-Husedalen- Stavali 6-7 timar

Andre dag: Stavali-Torehytta 7 timar

Tredje dag: Torehytta – Tyssevassbu 6 timar

Fjerde dag: Tyssevassbu-Trolltunga-Skjeggedal 7 timar


Turisthytter på ruta:

Stavali, 1024 moh. Sjølvbetjent, open turisthytte (Bergen turlag). Hyttevakt i juli og august.

Torehytta 1330 moh.  Sjølvbetjent turisthytte (DNT Oslo og Omegn). Låst hytte, medlemmer i Den Norske Turistforeningen kan bestilla nøkkel online.

Tyssevassbu, 1330 moh. Sjølvbetjent turisthytte (DNT Oslo og Omegn). Låst hytte, medlemmer i Den Norske Turistforeningen kan bestilla nøkkel online.


Buss:
Skyss buss 990 går mellom Kinsarvik og Odda-Tyssedal. Rutetabell

Skyss buss 995 går sommarstid mellom Odda-Tyssedal og Skjeggedal.

Taxi:
Kinsarvik tel (+47) 95 47 45 75

Odda tel (+47) 53 64 14 44

Parkering:
Kinsarvik: ved sida av Heradshuset (60.374771, 6.721917) , eller ved brua over elva Vivippo (60.363347, 6.744060).

 Kart: Hardangervidda Vest, 1:50.000. Kjøp kartet på turistkontor, eller bestill online hos Den Norske Turistforeningen. Kr 229,-.


Dette er ein tur i høgfjellet. Dette må du vite før du går i høgfjellet i Norge:

Ta med varme, vindtette og vasstette klede.

Veret i høgfjellet er annleis enn i låglandet. Du må vera førebudd på låge temperaturar, også om sommaren. Verte kan skift raskt. Om det er fint ver i låglandet kan det vera skodde i høgfjellet, og vesentleg lågare temperaturar.

Ha med kart og kompass (og GPS). I Norge kan det vera vanskeleg å følgja stien, trass i at den er merka. Særleg i skodde kan ein gå seg bort. Difor treng du kart og kompass.

Du har ikkje tilgang til elektrisitet i høgfjellet: ta med nok batteri! I kulde bruker du meir batteri.

Du har i regelen IKKJE mobildekning (og IKKJE internett) i høgfjellet. Skjer det noko, er det ikkje sikkert du kan ringa etter hjelp. Det kan vera fleire dagar å gå til nærmaste bilveg.

Me reknar avstandar i fjellet i timar og ikkje kilometer. Norsk standard gangtid (som du vil finna turskildringar, og som er merka inn i turkart ) opplev mange som svært rask gange. Du må legge til ekstra tid for pausar. Ein 6-timarstur er rekna som fulldags tur, og ein 8-timarstur er rekna som ein lang dags tur. Ver merksam på høgdeforskjell. Ein kilometer i flatt terreng er annleis enn 4 kilometer med høgdeforskjell på 1.000 meter. Nedoverbakke er like krevjande som oppoverbakke, særleg om ein ber tung sekk. 

Skal ein gå fleire dagar i fjellet må ein vera i fysisk form til å klara det. 

I høgfjellet er du i villmarka, på godt og vondt. Det er ikkje butikkar, lege, restaurantar eller minibank tilgjengeleg. Det kan vera fleire dagar å gå til nærmaste bilveg. Du kan kjøpe proviant, og overnatte, på den Norske Turistforeningen sine hytter. Du kan betale kontant eller ved betalingsfullmakt. Les meir her 

Om du ikkje vil bruka pengar på utstyr og kart, er det best å ta dagsturar, sjå mange fine turforslag i Ullensvang her

Ver merksam på at sesong for tur i høgfjellet er i juli og august, når det er snøfritt. Vinteren kan kome brått, og nådelaust, allereie i september. 

Ikkje utsett deg sjølv eller andre for fare, ved å gå utanfor sesong, eller ved å vera dårleg utstyrt. Kvart år må mange ha hjelp av frivillige i fjellet.

I regelen kan du drikka vatn i høgfjellet, men dette er ingen garanti. Ver obs på område der mange ferdest (til dømes ved Trolltunga), og i små vassdrag. 

Ta med alt søppel heim.

Naturen i høgfjellet er svært sårbar. Ikkje uroa dyr og fuglar, og øydelegg ikkje vegetasjon.

Det er ikkje lov å gjere opp eld i skogsområde mellom 15. april og 15. september.

Skal du fiska i vatn, må du ha fiskekort. Dette er til sals online, på turistkontora, og ofte på hyttene i fjellet.

Les denne brosjyren før du legg ut på tur.
 

Nyttige lenker:

Den Norske Turistforening         

Om hyttene 

Prisar på overnatting, opphald og mat 

Om rutene og merking

Kart/planleggingsverktøy, Hardangervidda

Bli medlem i Den Norske Turistforening 

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Hardangervidda: fire-dagars tur, "Best i Vest"

Nyligen besökta sidor