Hopp til hovedinnhold
Innvik

Innvik Fjordcamp

  • Innvik Fjordcamp ligg idyllisk til langs Nordfjorden.
  • Innvik Fjordcamp ligg idyllisk til langs Nordfjorden, nærme andre attraksjonar i Nordfjord.

Bu idyllisk ved Nordfjorden på Innvik Fjordcamp, med utsikt mot fjord og fjell. Her finn du hytter, leilegheiter og plassar for bubil, campingvogn og telt i rolege omgjevnader tett på naturen.

Innvik Fjordcamp ligg vakkert til ved Nordfjorden, mellom Stryn og Utvik. Her kan du bu i hytte eller leilegheit, eller overnatte med bubil, campingvogn eller telt. Campingplassen har moderne fasilitetar med sanitæranlegg, kjøkken, Wi-Fi og tilgang til fjord og badeplass.
v
Med fjorden like ved er Innvik Fjordcamp eit fint utgangspunkt for å utforske Nordfjord, med kort veg til mellom anna Stryn, Olden og Loen. Du kan også nyte rolege dagar ved fjorden, gå turar i nærområdet eller ta ein dukkert frå badeplassen. På området finn du også restaurant med utsikt over Nordfjorden.

Källa: Nordfjord