



Den folkekjære diktaren Jakob Sande er fødd og oppvaksen i Klokkargarden i Dale. I dag er barndomsheimen hans hovudsete for Jakob Sande-senter for forteljekunst
Bli betre kjend med diktaren Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen. Jakob Sande-senter for forteljekunst er også episenter i Fjordkysten Regional- og Geopark, ein Unesco Global Geopark, og formidlar forteljingar frå heile parkområdet.
Årets sommarsesong varar frå 20. juni - 9. august. I denne tida er sommarvertane på plass i Gamle skulehuset tysdag til søndag frå 11.00 - 16.00. Dei vil gje faste omvising tysdag til fredag kl. 13.00 med vandring i Klokkargarden og Steia Gard.
I det gamle skulehuset får du kjøpt litteratur av og om diktaren, produkt med sitat og illustrasjonar inspirert av Jakob Sande og Nikka Vonen. I Bestefarstaua finn du og sommarutstilling og i Løa er det kulturprogram. Sjå heimesida til Jakob Sande-senter for oppdatert informasjon om arrangement.
20. juni, opning av sommarutstilling i Bestefarsstaua
27. juni - 9. august, sommarprogram
5 - 7. juli, Forteljekunstakademi
7-8. august, Fest i Fjaler
Accessibility information
Källa: Visit FjordKysten og Sunnfjord