Fedje

Jentene på kaien (På Fedje)

  • Turist informasjon- liv på kaien
  • Turist informasjon- liv på kaien
  • Turist informasjon- liv på kaien
  • Turist informasjon- liv på kaien
  • Turist informasjon- liv på kaien
  • Turist informasjon- liv på kaien
  • Turist informasjon- liv på kaien
  • Turist informasjon- liv på kaien
  • Turist informasjon- liv på kaien
  • Turist informasjon- liv på kaien
  • Skicka email

  • 959 09 411

  • Storemarkvegen 2

    Fedje, Vestland

    Visa på kartan

Ved havnen på Fedje, 2 timer fra Bergen, finner du Jentene på Kaien - en koselig kafé og lokal turistinformasjon som serverer sveler og hjemmelagde kaker.

Her kan du sitte deg ned med noko godt å bite i, og finne ut kva du vil oppleve på Fedje. På disken finn du gjerne nysteikte sveler, heimelaga kaker og enkle rettar som skiftar med sesongen, råvarene og det de har lyst til å lage den dagen. På varme dagar kan du nyte livet ute på ein av benkane i solveggen, og er det ruskevêr er det lunt og koseleg innandørs. Uansett blir du ønska velkommen inn med opne armar, latteren sit laust, og det er rom for både den gode praten og den stille kaffikoppen.



Bak konseptet finn du Bjørg Karin Lekva og Bente Margareth Kleivane, to kreative ildsjeler som verkeleg brenn for det dei driv med. Dei tok over lokalet i 2026, og driv no den lille kaféen i havna som også fungerer som Turistinformasjon. Bjørg og Bente kjenner Fedje godt og deler gjerne tips om kva du kan sjå og oppleve.



Rundt deg går livet på Fedje sin vante gang: båtar kjem og går, naboar helsar, besøkande finn vegen inn, og praten flyt lett over borda. Denne blandinga av kvardag, kystkultur og vertskap gjer at du får eit autentisk innblikk i livet på Fedje, og folket som bur her. Ta plass ved vindauget eller ute på kaien med ei nysteikt svele og ein kopp varm kaffi, og kjenn på «Fedjepulsen».



Gjenbruk og berekraft

Bjørg Karin og Bente har eit stort fokus på gjenbruk og berekraft, og dette er gjenspeila i alt de driv med. I tillegg til å vere kafé kan du også få kjøpt lokalprodusert og kortreist kunst, mat, suvenirar, og andre produkt. Sjølve lokalet er nyoppussa, og det flotte tregolvet er laga av gjenbrukt materiale frå eit gamalt hus. Rommet er også innreidd med gjenbruksmøblar, og mat og drikke får du servert med sjarmerande og unikt service. Kanskje finn du ein kaffikopp, eit lite kunstverk eller eit handlaga produkt du vil ta med heim som eit minne frå øya?



UNESCO Biosfæreområde

Fedje er ein del av Nordhordland UNESCO biosfæreområde, det første i Noreg av sitt slag. Målet for satsinga er at biosfæreområdet skal bygge på det beste frå fortida og legge til rette for ei framtid som sikrar berekraftig bruk av alle ressursane i samfunnet, samt å vise korleis menneske, natur og berekraftig verdiskaping kan utvikle seg saman.



Jentene på Kaien løftar også fram smakar og handverk frå regionen. Her finn du ureiste matskattar frå Nordhordland biosfæreområde og lokale produkt laga med omtanke for natur, kultur og eit levande lokalsamfunn.



KORLEIS KOME SEG TIL FEDJE



Det tek knapt 2 timar å reise frå Bergen til Fedje med bil, inkludert ei ferje. Jentene på kaien finn du like ved ferjekaien.



Med bil:

Frå Bergen sentrum er det ca. 70 km, og det tek ca. 1 time å køyre til Sævrøy fergekai og deretter 30 minutt med ferja til Fedje sentrum. Ferja er gratis, men skulle du ikkje ønskje å ta bilen med til Fedje, kan du parkere gratis på Sævrøy fergekai.



Frå Bergen lufthavn Flesland er det ca. 84 km, og det tek ca. 1 time og 20 minutt å køyre frå Flesland til Sævrøy fergekai. Deretter 30 minutt med ferja.



Med buss:

Køyretid med buss frå Bergen busstasjon varierer, men tek vanlegvis rundt 2,5 timar. Du kan bruke Skyss sin ruteplanleggjar for å planleggje reisa frå næraste bussstopp.



Om du vel Fedje fergekai som destinasjon, får du forslag til buss som korresponderer med ferja.



Med båt:

Eit anna alternativ er å ta hurtigbåt frå Bergen til Vardetangen. Sjekk rutetider på norled.no. Deretter er det 18,5 km frå Vardetangen til Sævrøy fergekai (ca. 20 min. å køyre). Bestill taxi på førehand frå Nordhordaland Taxi 03020.



Les meir om ting å gjera på Fedje her.



Tilgjenge:

Diverre er det ikkje tilrettelagt for rullestol.


Källa: Visit Bergen