Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Jostedal Camping

Jostedal Camping ligg solrikt, roleg og idyllisk til ved breelv i Jostedalen, berre 6 km frå Nigardsbreen og Bergsetbreen. Rafting rett frå campingplassen.

Guida breturar på Nigardsbreen, kombinerte turar med kajakkpadling og brevandring (Styggevatnet/Austdalsbreen), ravinetur/canyoning i Leirdalen. Perfekt utgangspunkt for fjellturar i dei to Nasjonalparkane like ved, Jostedalsbreen og Breheimen.

Breheimsenteret Nasjonalparksenter og Museum ligg berre 2, 5 km unna.

150 m frå campingen ligg ein Jokerbutikk/bensinpumpe og hotell med kafeteria.

12 hytter med ulik standard og størrelse. Moderne sanitæranlegg.

48 CEE straumuttak (16 A) for bubilar, campingvogner og telt.

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Jostedal Camping

Nyligen besökta sidor