VIKTIGT! Se den senaste informationen om coronaviruset i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway


Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

  • Fosnes, Oppstryn
  • +47 48002997
  •  /  km From You
Overview

Ved norsida av Europa sin største fastlandsis ligg Jostedalsbreen Nasjonalparksentet. Senteret ligg plassert midt i det ville norske fjordlanskapet, tett omkrinsa av frodige dalar og bratte fjell. På senteret blir det formidla naturverdiar, kulturminner og historia om folket i og kring nasjonalparken.

Jostedalsbreen nasjonalparksenter ligg i Oppstryn, og er autorisert som nasjonalparksenter for Jostedalsbreen nasjonalpark i 1997. Hovudbygningen er bygd etter same prinsipp som eit vikinghus, og er omtrent like stor som det største vikinglanghuset som er funne i Norge.

Inne på senteret kan ein lære om korleis livet i nærleiken av breen har vore gjennom tidene. Her kan ein få kjennskap til dei første breførarane og kva utstyr dei nytta.
Ein kan finne ut korleis landskapet ein ser i dag har blitt påverka av brear gjennom tidene og kva som skjer med isbreane i dag.

I den biologiske utstillinga kan ein sjå og lære om kva for dyr det finns i norsk natur. Her får ein også eit innblikk i rovdyrutviklinga i Noreg og Europa samt kjennskap til utviklinga i landbruket og konfliktane mellom landbruk og rovdyr i Noreg gjennom tidene.
Få eit unikt innblikk i dei tragiske og dramatiske Lodalsulukkene gjennom ei digitalisert samling avisutklipp frå 1936.

Som ein del av utstillingane på senteret er der ein film på 13 minutt om Jostedalsbreen som syner den fantastiske naturen i nasjonalparken, samstundes får ein vite meir om brear og kvifor isen er blå og brevatn grønt.

I hagen til senteret kan ein nyte den vakre utsikta over Oppstrynsvatnet, fjell, brear og elvar som ligg rundt. Her finn ein òg ein botanisk hage med rundt 220 ulike plantar, tre og blomar henta frå den lokale floraen i og kring nasjonalparken.

I tillegg til dette har senteret ein spisesal med 115 sitjeplassar, kafê med sal av kaffe/te og småkaker og ein gåvebutikk med steinsmykker, varer av norsk design, lokalmat, bøker, kart m.m.

Nasjonalparksenteret er organisert som ei stifting med Fylkesmannen i Vestland, Stryn kommune, Høgskulen i Vestland, Norges Geoteknisk Institutt, Den Norske Turistforening, Norsk Botanisk Forening og Nordfjord Folkemuseum.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord
Green Travel
The Jostedalsbreen Nasjonalparksenter has obtained certification for their environmental efforts by:
Eco-Lighthouse
Environmental certification of private and public enterprises, also tourism.
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages