Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Jotunheimen Arrangement AS | Guiding i Jotunheimen

Book

Jotunheimen Arrangement er eit guideselskap som tilbyr turar i Jotunheimen. Dei går turar både med familar, og kan tilby meir avanserte turar til bratte tindar.

Med dyktige og engasjerte førarar vil Jotunheimen Arrangement vise fram kva Jotunheimen har å by på og gi storslåtte naturopplevingar til folket. 

Jotunheimen Arrangement er eigd og blir drifta av guidar - noko som gjer veigen frå kontor til fjell kort. Når du tek kontakt vil du møte folk som sjølv er guidar og difor kan svare direkte på dine henvendelsar. 

​​​​​​Guidane har høg kompetanse og mykje erfaring innan fjellsport og sikkerheit - noko som er viktig når du som deltakar skal sitja att med ei trygg og positiv oppleving etter turen du er med på.  

Bre- og fjellturar i Jotunheimen
Jotunheimen Arrangement har si hovudverksemd i Jotunheimen og kan tilby turar som passar for dei fleste, både i vestlege og austlege delar av nasjonalparken. Dei arrangerer alt frå turar til familievennlege Galdhøpiggen, til meir spenstige og avanserte turar som Store Austabotntind og Store Skagastølstind. Dersom du er på utkikk etter ein skreddarsydd gruppetur kan du også ta kontakt for å arrangere dette. 

Bli med på eit spennande eventyr - bli med på tur med Jotunheimen Arrangement! 

Last updated: 06/27/2022

Source: Visit Jotunheimen AS

Jotunheimen Arrangement AS | Guiding i Jotunheimen

Book

Nyligen besökta sidor