Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

TripAdvisor rating of 4.5

93

Jotunheimen fjellstue | Turisthytte

Book

Fjellhotell med utsikt mot majestetisk fjellandskap. Fokus på gode matopplevingar.

Jotunheimen fjellstue ligg idyllisk til ved foten av fjellet Loftet, og er eit ypparleg utgangspunkt for mange fine opplevingar i fjellheimen.

Her kan du finne ro, anten du sit i solveggen og nyt den fantastiske utsikta mot Hestbrepiggane i Breheimen eller om du kosar deg inne framfor peisen medan vinden riv i veggane. Fjellstua er eit godt utgangspunkt, både for deg som søker rolige dager i fjellheimen og for deg som ynskjer meir ekstreme utfordringar.

Her er du midt i eit eldorado for jakt om hausten, fiske, brevandring og fotturar gjennom heile sommaren - og toppturar på ski om vinteren. I området er det også mange fine sykkelruter å velje i.

Jotunheimen Fjellstue ligg langs nasjonal turistveg Sognefjellet, FV 55, ved inngangen til Jotunheimen nasjonalpark - med utsikt mot majestetisk fjellandskap. Her når du fleire av Jotunheimen sine mange 2000-meterstoppar på dagstur frå dørhella.

Jotunheimen fjellstue vart bygd i 1947, men har gått gjennom mange runder med restaurering og fornying. I dag er dette ei moderne fjellstue som har stort fokus på gode matopplevingar.

Her finn du eigen restaurant, kafé, peisstue, bar, internett og rom med dusj/WC.

Velkomen!

Last updated: 01/18/2024

Source: Visit Jotunheimen AS

Jotunheimen fjellstue | Turisthytte

Book

Nyligen besökta sidor