VIKTIGT! Se den senaste informationen om coronaviruset i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland LUSTER

Jotunheimen Nasjonalpark

  • +47 99231500
  •  /  km From You
Overview

Velkommen til Jotunheimen nasjonalpark

Jotunheimen gjev deg fjellopplevingar du seint vil gløyme. Her er tilbod til alle – om du vil klatre på dei høgaste toppane, eller berre oppleve naturen ved eit stille fjellvatn.

Heile Jotunheimen nasjonalpark er prega av høge fjell og brear, og her finn du dei høgste fjella i Norge.

Dei tre høgste toppane:

* Galdhøpiggen (2469 moh)
* Glittertind (ca. 2465 moh)
* Store Skagastølstind (2405 moh)

Den vestlege og mest alpine delen av Jotunheimen ligg i kommunane Luster og Årdal ved Sognefjorden. Dersom du køyrer den nasjonale turistvegen over Sognefjellet mellom Lom og Luster kan du sjå Store Skagastølstind (Storen) og mange andre imponerande toppar på nært hald.

Jotunheimen er eit svært populært turområde både sommar og vinter, og her finn du eit stort nettverk av merka fotruter i alle kategoriar. Dessutan er Hurrungane-massivet i Vest Jotunheimen er eit mekka for fjellklatrarar, med meir enn 20 toppar over 2000 meter.

Klatresportens vugge
Turtagrø, ved foten av Hurrungane, har lange klatretradisjonar og blir kalla "klatresportens vugge". Dersom du vil vere med fjellførarar på klatreturar i tindane, eller er interessert i anna fjellføring i Jotunheimen, kan du ta kontakt med Turtagrø Hotell eller Norgesguidene.

Rundt påsketider vert det sett kvistar i snøen langs fleire av rutene i Jotunheimen, slik at skigåarar finn lettare fram, og på Sognefjellet Sommarskisenter er det mogleg å gå på ski i preparerte løyper om sommaren.
 

Turar i Jotunheimen

 

Korleis kome seg til Jotunheimen

Frå Oslo går Valdresekspressen til Årdal eller over Valdresflye fram til Gjendesheim og Leirvassbu i sommarsesongen. Det er mogleg å sende bagasje med bussen dersom du vil gå gjennom fjellheimen med litt lettare sekk!

Frå Otta er det bussamband til Gjendesheim og over Sognefjellet til Sogndal om sommaren. Det er lokalruter frå Lom til Spiterstulen og Juvasshytta i høgsesongen. Om sommaren går det buss mellom Øvre Årdal og Hjelle, ved innfallsporten til Utladalen, og via Tindevegen til Turtagrø ved Sognefjellsvegen.

Du kan ta tog frå Oslo eller frå Trondheim til Otta. Det er busstransport vidare mot Vågå og Lom frå enkelte avgangar.

Vy.no

en-tur.no

Kringom Kollektivtransport

JVB - Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap

Tindevegen

Frå Gardermoen og Sogndal lufthamn

Næraste flyplassen er Sogndal lufthamn. Herifrå kan du ta flybuss til Sogndal sentrum. Frå Sogndal kan du ta buss vidare over Sognefjellet eller til Øvre Årdal og Hjelle i Utladalen. 

Råd om ferdsel

Alle er velkomne til Jotunheimen og Utladalen, men hugs å ta vare på naturen. Ta omsyn til fugle- og dyrelivet, og pass på å etterlate leirplassen slik at det er reint og ryddig til nestemann som vil oppleve fjellet. 

Lover og reglar om Drone, båltenning, jakt og fiske, hund i nasjonalparken og klede/utstyr finn du her


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Green Travel
The Jotunheimen Nasjonalpark has obtained certification for their environmental efforts by:
Eco-Lighthouse
Environmental certification of private and public enterprises, also tourism.
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages