Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

ÅLESUND

TripAdvisor rating of 4

301

Jugendstilsenteret og KUBE

Jugendstilsenteret og KUBE er eit kunstmuseum i hjartet av Ålesund sentrum, med originalt jugendstilinteriør, skiftande samtidskunstutstillingar og aktivitetar for publikum.

Jugendstilsenteret og KUBE er eit museum for kunst, arkitektur og design frå slutten av 1800-talet og fram til vår eiga tid. Kunstmuseet utviklar og forvaltar ei samling med særleg vekt på norsk og nordisk jugendstil og kunst som har tilknyting til regionen. Kunstmuseet skal være ei berekraftig plattform for demokratiske verdiar og mangfald, gjennom å fremje frie kunstnariske ytringar, kunnskapsutveksling og kritisk refleksjon.

Museet har eit nasjonalt ansvar for jugendstilen og er kunstmuseet i Møre og Romsdal fylke. Som kunstmuseet i Møre og Romsdal har museet eit særskilt ansvar for å opne oss mot verda og opne for verda mot oss. Dette går hand i hand med mandatet som nasjonalt kompetansesenter for jugendstilen. I dei to bygga skaper dei interesse for, og kunnskap om, kunst, arkitektur og design gjennom eit breitt publikumstilbod.

Om Museet

Jugendstilsenteret ligg i Apotekergården, eit jugendstilbygg som stod ferdig i 1907, og som på den tida husa både apotekutsal og bustad. No får du innblikk i jugendstilen her, gjennom autentiske interiør, faste utstillingar med jugendstilobjekt og skiftande utstillingar.

KUBE ligg i Noregs Bank-bygget frå 1906, som vart bygd om i 2005 for å huse kunstmuseet. I løpet av eit år byr KUBE på fleire skiftande kunstutstillingar. Her kan du finne alt frå større tematiske presentasjonar til utstillingar med enkeltkunstnarar.

Utstillingar og formidling

Jugendstilsenteret og KUBE ønskjer å gi publikum brei innsikt i tematikkane dei tek opp i utstillingane sine. Gjennom året byr dei derfor på eit aktivt formidlingsprogram med opne omvisingar, foredrag, konsertar og andre arrangement.

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Jugendstilsenteret og KUBE

Nyligen besökta sidor