Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

TripAdvisor rating of 4

40

Juvasshytta | Juva

Book

"Juva" er eit nytt og topp moderne bygg på Juvflye, knytt til turisthytta Juvasshytta. Her finn du mellom anna 10 dobbeltrom med eigne bad og heilt unik utsikt.

"Juva" er eit moderne hotellbygg ved foten av Galdhøpiggen, 1840 meter over havet. 

Om du ynskjer å unne deg litt ekstra luksus i forbindelse med tur til Galdhøpiggen, bør du ta ein titt på nybygget ved Juvasshytta, som sto ferdig våren 2020. Konstruksjonen på bygget er av massivtre. Her finn du mellom anna 10 dobbeltrom med eigne bad og heilt unik utsikt. I "Juva" kan du ligge på dobbeltsenga og sjå rett opp på Galdhøpiggen! 

Det er også ei leiligheit i huset, kor det er bord til 20 personar. Denne kan leigast ved spesielle anledningar og lag.
I fyrste etasje er det laga eit servicebygg med 10 toalett, stort tørkerom, 10 dusjar og heilt ny skoutleige!

Som gjest på "Juva" et du frukost inne i restauranten på Juvasshytta. Her blir det også servert enkle lunsjrettar og 3-rettars middag kvar dag. Øl og vin-servering.

Juvasshytta er ei familiedreve fjellstove med tradisjonar frå 1884, og det nærmaste utgangspunktet for turar til Galdhøpiggen. Hytta ligg 1840 moh. og er Nord-Europas høgstliggjande turisthytte.

Guida turar til Galdhøpiggen kvar dag i høgsesongen, sjå under for tider. Møt opp seinast ein halv time før avgang. Billettar blir selt i resepsjonen og på nett.

På toppen ligg Galdhøpigg-hytta der du kan nyte nistepakka di. Sal av varm og kald drikke, T-skjorter, pins og kort med Galdhøpiggstempel på. Vil du nyte skisporten sine gleder, er Galdhøpiggen sommarskisenter berre 15 minutt unna til fots.

Last updated: 01/18/2024

Source: Visit Jotunheimen AS

Juvasshytta | Juva

Book

Nyligen besökta sidor