Førde i Hordaland
Kaien gjestehamn i Førde
Tingvegen 74, Førde i Hordaland, Sveio
Sanitary facilities
I Førde finn du eit moderne kaiområde. Opp bakken frå hamna kjem du inn i den vesle bygda Førde. Her er det fint å rusle seg ein tur.
På kaiområdet i Førde er det over 80 meter djupvasskai i tillegg til ei stor småbåthamn. Kaianlegget er utstyrt med flytebryggjer av betong og har døgnope pumpeanlegg med avgiftsfri diesel og bensin (kortbetaling). Her finn du også fleire uttak for vatn og straum.
Djupvassskaien har kraftige pullertar og rail langs heile kaien. Dekk som fendring. Flytebryggjene har innstøypte fortøyingsøyer og trekant. Rikeleg med postar for vatn og straum på heile kaianlegget.
Meir informasjon finn du på facebooksida til Kaien.
Last updated: 01/29/2024
Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Kaien gjestehamn i Førde