





På øya Kinn ligg ei vakker steinkyrkje frå mellomalderen. Om sommaren er det opa kyrkje som du kan besøke
Den sagnomsuste Kinnakyrkja er bygd i romansk byggjestil, truleg ein gong på 1100-talet. Kyrkja er den eldste og einaste i sitt slag i Sunnfjord, og er eit av dei flottaste mellomalder-monument på Vestlandet. Fjellveggen bak kyrkja reiser seg steilt opp, og den ruvande Kinnaklova er næraste nabo. Den berømte Kinnaklova er eit kjend seglingsmerke langs skipsleia.
Kinn kyrkje ligg på øya Kinn utanfor byen Florø i Kinn kommune. Ta den lokale rutebåten frå Florø til Kinn. Etter at du stig i land på Kinn kan du følgje vegen til høgre mot Kinnakyrkja. Turen til kyrkja tek om lag 20 minutt i roleg gange langs ein 1 km lang grusveg.
Kinnakyrkja er open kvar sommar frå midten av juni til slutten av august. Eit frivillig vertskap tek imot deg og er til stades i kyrkja i opningstida. Det er enkel tidebøn to gonger om dagen.
I denne perioden er kyrkja berre open etter førespurnad eller i samband med arrangement i Kinnakyrkja.
Ønskjer du å overnatte på Kinn? Då kan du overnatte på DNT-hytta på Kinn.
Skal du reise til Kinn, er det viktig å ta med mat og drikke sjølv. Det er verken servering eller butikk på øya, så du må ta med deg det du treng for opphaldet.
Når det er vertskap på Kinn, frå midten av juni til slutten av august, er det toalett ved Kinnakyrkja.
Kinn kyrkje er ein nøkkelstad i Kystpilegrimsleia, den historiske ferdselsåra som følgjer kysten frå Egersund til Trondheim. Langs leia finn ein kyrkjestader, handelsplassar og kulturminne som i hundreår har vore viktige stopp for reisande.
Accessibility information
Källa: Visit FjordKysten og Sunnfjord