Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Seljord

Kivledalen

Kivledalen

Lengde: 13 km Sykletid: ca 1 time Vegdekke: Grus Nivå: Middels

Lengde: 13 km
Sykletid: ca 1 time
Vegdekke: Grus
Nivå: Middels

Kivledalen ligg ovanfor Seljord sentrum, nedunder Skorvefjellet.

Tilrår å køyre opp Sundsbarmvegen mot Kivledalen og starte turen ytst i dalen, omlag der asfalten sluttar. Her er det veglommer ein kan parkere på. Du kan også starte på Brøløs, men oppstigninga på ca 3 km er tung og bratt.
Vegen går innover langs sørsida og kryssar Kivleåi v/Tresland. Vil ein gjere turen lengre kan ein ta sløyfa rundt Hanakamjuvet og kome tilbake ved Tresland.
Vegen passerer Nystauljordet der Gygresteinen ligg. Vidare går vegen heilt til garden Venås som har ei imponerande utsikt over Seljord. Frå Venås fylgjer ein vegen eit stykke nedover før ein tek av inn mot høgre på ein traktorveg som går gjennom skogen, kryssar Kivleåi i botnen av dalen og kjem tilslutt oppatt på Kivledalsvegen.
Kan også sykle den nokså bratte og delvis steinete vegen frå Venås og heilt ned til Seljord sentrum (forbi Prestegarden og Seljord kyrkje).
Kivledalen er kjend for soga om Kivlemøyane.

Historia om Kivlemøyane
Kivledalen er kjent for segna om Kivlemøyane. I denne særmerkte fjelldalen som tek ein kjøyretur på 5 km frå Seljord sentrum, skal det ha stått ei kyrkje i katolsk tid. Segna fortel om tre ungjenter som gjætte geiter oppi dei bratte grasberga høgt ovom kyrkja. Dei var så gode til å spela på bukkehorn og fløyter, vyrde ikkje messetida, men let tonane fløyme over dalen. Tonane nådde heilt inn til folka i kyrkja og lokka dei ut på kyrkjebakken midt under messa. Den katolske presten blei så harm og opprørt at han steig ut på kyrkjetrammen i fullt messeskrud, lyfte armane mot Kivlemøyane oppe i fjellet og mana dei i stein. Dei blei til tre steinblokker som stod på egg oppi Kalvejuvet. Segna om Kivlemøyane og slåttane dei spela lever framleis i forteljekunst og folkemusikk. Segna er nytta av mange kunstnarar som J.S. Wellhaven, Olaf Sveinsson, Jørund Telnes o,fl.

Les meir om sykkelruta her

Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Kivledalen

Nyligen besökta sidor