Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Lærdal

Kongevegen Høgdepunkt (Vindhella/Galdane)

Opplev dei mest berømte partia av Kongevegen over Filefjell på tre dagar. Bu i og mellom små trehus på Lærdalsøyri om kvelden og vandre i historiske fotefar om dagen. Vi køyrer deg til kongevegstrekningane.

Spesielt er delen av Kongevegen som går frå Seltun til Borgund stavkyrkje ei perle. Her passerer ein mellom anna den historiske husmannsplassen Galdane, går gjennom den vakre Øygardsvegen, forbi nyrestaurerte Husum hotell i sveitserstil og den imponerande vegarkitekturen i Vindhellaskaret (biletet) før ein kjem ned ved Borgund stavkyrkje bygd kring 1180. Heile denne turen er vel 10 km lang og berre nokre hundre meter går på asfalt, ved Husum hotell.

Ynskjer du å oppleve Høgdepunkta med Vindhella og Galdane på 3 dagar kan du lese meir her. 

Ein kan også gjera to rundturar i dette området; anten gå Seltun – Galdane – Sjurhaugen, så gå nedover att på asfaltvegen nokre hundre meter langs elva før ein tek seg opp mot Steineåsen/Seltåsen, der Kaptein Finnes veg frå 1845 går; denne er på nivå med Kongevegen sjølv når det kjem til vegarkitektur. Siste dryge kilometeren til Seltun går delvis på asfalt, delvis på grusa gang- og sykkelsti. Når det gjeld Vindhellavegen kan ein gå denne vegen til eller frå Borgund stavkyrkje og Sverrestigen frå slutten av 1100-talet andre vegen; her er Rimskjold like aust om Husum hotell det vestlege endepunktet.

Frå Borlaug til Maristova ligg også Kongevegen intakt det aller meste av distansen, og frå Maristova vidare til Kyrkjestølen på «toppen» av Filefjell heilt intakt – dette er ei flott vandring frå den trange dalbotnen til høgfjellet eller omvendt, og det er overnattingsmoglegheiter både på Borlaug, Maristova og Kyrkjestølen om ein vil dela opp distansen.

Last updated: 03/05/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Kongevegen Høgdepunkt (Vindhella/Galdane)

Nyligen besökta sidor