Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

FITJAR

Kråko gjestetun

Book

Kråko Gjestetun ligg flott til nær sjøen. Her er det opparbeidd gode tilhøve for campingturistar både i telt, campingvogner og bubilar.

Besøkjande både på korttidsopphald og dei som ynskjer ha campingvogna ståande over lenger tid er velkomne. I servicebygget er det toalett, dusj, vask og det som trengst. Stor daglegstove. Kråko Gjestetun har to nydelege, praktiske og velutstyrte heilårs ferieleiligheter til leige i servicebygget. Kvar har seks sengeplassar. Dusj og toalett på flislagt bad. Kjøkenet har alt naudsynt utstyr. Frå skinnsofaen eller spisebordet kan du nyta utsikten over fjorden eller følgja med på mange kanalar på fjernsynet. Fritt breiband tilgjengeleg.

Om du ynskjer å ta deg ein padletur kan du leige kano her. Totalt 7 kanoar er til utleige.

For prisar og nærare informasjon, sjå nettsida til Kråko Gjestetun.

Last updated: 09/11/2023

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Kråko gjestetun

Book

Nyligen besökta sidor