



















Opplev Kraftmuseet i Tyssedal og få eit fascinerande innblikk i Noregs vasskraft- og industrieventyr, med aktivitetar for heile familien i vakker vestlandsnatur.
Den freda kraftstasjonen i Tyssedal ligg nede ved fjorden og er eit mektig monument over vasskraft- og industrieventyret som starta tidleg på 1900-talet. Eit besøk hjå Kraftmuseet gjev deg innblikk i kva som hende då Norge gjekk frå bondesamfunn til industrisamfunn. Museet fortel levande om rallarliv og ingeniørkunst, arkitektur og korleis det vaks fram moderne byar midt i vakker vestlandsnatur. Kraftmuseet er ein kjekk stad for heile familien, med ulike aktivitetar for born. Rebus blant turbinane, installasjonar der ein kan laga ekte elektrisitet.
Vandring i museet på eiga hand.
Filmvising på førespurnad.
Omvising kan tingast i forkant.
Utstillingar og film
Besøket startar med den fengslande filmen "Industrieventyret". Du kan vandra fritt i kraftstasjonen, studera det legendariske kontrollrommet med marmortavler og sjå på utstillingane. Utstillinga Norsk vasskraft drar deg gjennom heile den norske vasskrafthistoria - frå pionertid til kraftsosialisme og monstermaster i Hardanger.
Parkering
Parkering utanfor kraftstasjonen. Følg skiltinga. Resepsjonen ligg i kraftstasjonen.
Opningstider
23. mai - 30. august: Alle dagar 10–17
Resten av året: Tysdag–fredag 10–15
Prisar:
Barn u/16: Gratis
Student: 70,-
Enkeltbillett: 125,-
Grupper over 15 personer: 100,- per pers
| Barn (0-16 år) – Pr. person | 0 NOK * |
| Pris – Pr. person | 70 NOK * |
| Pris – Pr. person | 125 NOK * |
| * Pris från |
Källa: Destination Hardanger Fjord AS