Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Hyllestad

TripAdvisor rating of 4.5

9

Kvernsteinsparken

Book

Bli med på steineventyret! Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum i dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia.

Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum i dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia. Her er det spennande aktivitetar for barn og vaksne. Bli med på steineventyret!

Vi tar deg med på ei reise tilbake i tid då det var stor aktivitet i Hyllestad. I hundrevis av steinbrot jobba steinhoggarar og tok ut kvernstein etter kvernstein. Kvernstein var noko alle måtte ha. Utan kvernstein ikkje noko mjøl – og ingen mat! Kvernstein i hundretusental forlét Hyllestad og vart seld i heile Noreg, Danmark og Sverige. Her er det snakk om stor industri, dyktige handverkarar, drevne handelsfolk og mykje pengar!

Besøke Kvernsteinsparken

I Kvernsteinsparken ventar deg ein fin tur gjennom steinbrotslandskapet. Her sleit vikingane for 1000 år sida, her var det dyktige nevar, sveitte og kanskje tårer når nok ein stein gjekk sund. Dette var ei verd kor det var heilt avgjerande å kunne lage ting med sine egne hender. Etter turen kan du prøve deg som steinhoggar eller kose deg ved bålet med kaffi og noko godt å ete. Kvernsteinsparken er eit friluftsmuseum som alltid er tilgjengeleg. ​​​På sommaren kan du bli med på spennande aktivitetar i Kvernsteinsparken.

Gå tur i det imponerande steinbrotslandskapet. 

- Ta med dei yngste på tur gjennom Trollstien! Kva er det med dette trollet?

- Mal korn med handkverna eller skubbekverna og bli kjend med ulike korntypar.

- Lag din eigen brøddeig av mjølet, og bak flatbrød over bålet.

- Få eit stykke kleberstein og skap noko fint ut av det.

- Bruk slyngestokkane og lag eit bånd til klebersteinssmykket ditt.

- Prøv oppstadveven og vev vidare…

- Kos deg rundt bålet og nyt nybakt kvernsteinsbrød eller ei svele

Steinbrota i Hyllestad

Det var stein som var Hyllestad sitt "gull": I hundrevis av steinbrot jobba det steinhoggarar som tok ut kvernstein etter kvernstein for å skipe dei ut i den store verda. Den gongen var kvernstein ein heilt sentral gjenstand: Utan kvernstein ingen mat! Ville du ete brød eller graut, måtte du først male kornet på ei handkvern eller vasskvern for å få mjøl. Kvernsteinshandelen i Hyllestad var ei god inntektskjelde - for dei som eigde land og satt med makta. Dersom omvisning er av ønske, ta kontakt på tlf: +47 458 71 940.



Last updated: 03/26/2024

Source: Visit FjordKysten

Kvernsteinsparken

Book

Nyligen besökta sidor