Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
  • Boende

    Scandic Hotels – i alla större städer från norr till söder

    Nordic Choice Hotels – en annorlunda hotellkedja

    Thon Hotels – boende med fantastisk frukost

    Radisson Blu Hotels – upptäck Norges bästa resmål

    Citybox – moderna och prisvärda hotell med centralt läge

    DanCenter – din expert på stugor i Norge

    Norgesbooking – boka den perfekta stugan i Norge

    Campcation –  Boka camping över hela Norge med Campcation

  • Resor inom Norge

    Vy – det ska vara lätt att resa grönt

    SJ NORD – äventyret börjar på tåget

    Vy express – bussresor över hela Norge

    NOR-WAY Bussekspress – res grönt med Norges expressbussar

    DFDS – Europas ledande färjeoperatör 2012-2021

    AutoEurope – smidigaste biluthyrningen

    Rent-A-Wreck – det smarta hyrbilsalternativet

    Arctic Campers – hyr husbil i Norge

    Nordic Campers - det enda riktiga sättet att se Norge på!

    Cabin Campers – en stuga på fyra hjul

    Widerøe – Skandinaviens största regionala flygbolag

  • Rundturer

    Hurtigruten – världens vackraste sjöresa

    Authentic Scandinavia – spännande Norgeresor

    Up Norway – skräddarsydda resor

    Norrøna Hvitserk – äventyrsresor och expeditioner

    Brim Explorer – Tysta fjordturer med eldriven katamaran

    Fjord Tours – upptäck Norge i et nøtteskall® med en biljett

    Fjord Travel – Hållbara flerdagarsturer

    Go Fjords - turer och aktiviteter över hela Norge

    50 Degrees North – oförglömliga, skräddarsydda turer i Norge för mindre grupper

    Discover Norway – skidåkning, cykling och vandringsturer i Norge

    Norwegian Holidays – billiga paketresor med Norwegian: Flyg, hotell och hyrbil

    Expa Travel – Verkliga upplevelser

    Booknordics.comaktiviteter, safari, dagsturer, expeditioner, stugor och äventyrsboende

    Stromma – sightseeing, utflykter och upplevelser med buss, båt och tåg.

  • Offers

Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland ETNE

Langfoss opp

  • Teigland, 5596, MARKHUS
  • +47 95909664
  •  /  km From You
Overview
Details

Tursti som startar med tur opp langs det femte høgaste fossefallet i Norge - med fantastisk utsikt undervegs!

Høgdeskilnad: 15 – 640 moh (ev. 1050 moh).

Estimert tid: 4 timar t/r.

Turkart: Etne – Saudafjella 1:100.000

Startpunkt og parkering: Langs E134, like ved Langfoss.

Gode råd: Steinane/stien opp ved fossen kan vere glatte - vis aktsemd!

S​​​​​​esong: juni - oktober 

Turomtale: Langfoss er det femte høgaste fossefallet i Noreg. CNN kåra i 2011 Langfoss til eit av verdas 10 flottaste fossefall. Den totale fallhøgda er på 612 meter og er godt synleg frå startpunktet. Stien opp Langfoss startar like ved rasteplassen og fylgjer den gamle setervegen frå Eljarvik og opp til Langfosstølen. På toppen av fossen får du ei fantastisk oppleving med utsikt heile vegen ned til der du starta frå. Åkrafjorden snirklar seg mellom høge fjell på over 1000 meter og bak alt dette vakre kneisar den mektige. Folgefonna i bakgrunnen.

Stien er opprinnelig ein gammal seterveg fra garden Eljarvik til Langfosstølen, som ligg på platået ovanfor Langfoss. Det er mykje flott steinarbeid i stien. Her har tidlegare generasjonar slite seg opp og ned med buskap og tunge bører med smør og ost frå stølen.

Somme stadar finn du fantastiske utsiktspunkt over Åkrafjorden. Høgdepunktet er kan henda når stien kryssar berget på høgde med utlaupet av Langfossen. Her er utsikta utruleg! Du ser ned til vegen der turen starta og ut over Åkrafjorden. Vidare ser du over til Mosnes og den freda dalen innover mot Sandvikevatnet på nordsida av Åkrafjorden. Folgefonna kneisar i bakgrunnen.

No går turen vidare innover langs den idyllisk svingande elva som kjem frå Vaula og endar i Langfossen. Her finn du gode rasteplassar og badekulpar. Du passerar Langfosstølen og fylgjer stien vidare i lett motbakke. Like etter stølen går stien over ein fjellknaus og kloss i elva, slik at du ser rett ned i vassmengdene. Eit flott og dramatisk parti. Her bør du gå over toppen av fjellknausen og fylgja stien vidare der. Denne held høgda og er langt betre å gå på enn den gamle stien nær elva.

Hald fram langs stien på venstre side av elva til du ser varden og hengebrua ved Vaulavatnet i horisonten. Stien treff den T-merka løypa mellom Simlebu og Sandvasshytta. Følg denne til Vaulavatnet (ca. 1.050 moh). Frå Vaula kan du gå attende på tydeleg sti like ved hengebrua og fylgja elva på høgre side nedover dalen. Denne stien treff etter få minutt stien du fulgte på turen oppover.

Også turen tilbake, med nedoverbakke heile tida, merkast godt i beina. Ikkje minst vert knea møre etter kvart. Pass elles nøye på å halda stien. Det er eit svært bratt landskap slik at du fort kan koma på villstrå. Ein bør berekna  4-5 timer timar på denne turen tur / retur. Om ein ynskjer ein kortare tur, kan ein gå til Varahaugen (ca. 640 m.o.h) som er den fyste toppen, og gå ned igjen. Då tek turen ca 2 timar t/r.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Svårighetsgrad
  • Utmanande
Landskap
  • Fjordområde
Årstid
  • Höst
  • Sommar

Utomhusaktiviteter

Vandring
  • Dagsutflykter (5-11 timmar)
  • markerade vandringsspår

Facts

Effort Level
Challenging
Duration
5 timer
Landscape
Fjord area
Season
Autumn
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages