Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)
Loen
TripAdvisor rating of 4.5

490

Loen Skylift

Boka

Loen Skylift – Norges lettaste topptur. Ein spektakulær attraksjon og opplevingsarena, i Stryn, inst i Nordfjord.

Loen Skylift er ei av dei brattaste banene i verda og løftar deg tusen meter nesten rett opp – til restauranten på kanten av fjellet Hoven. Der oppe kjem du i nærkontakt med den mektige naturen. Anten du sit inne i det komfortable amfiet i restauranten, står oppe på taket eller går tur i fjellheimen her oppe får du ei naturoppleving på kanten av det du trudde var mogleg. Norges lettaste topptur. Frå fjordbygget startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven (1011 moh). Etter nokre minutt i luftig svev kjem du til Hoven Restaurant der du får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen Nasjonalpark og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest. Frå Hoven kan du oppleve høgfjellet på eiga hand i eit omfattande stinett, eller med guide. Til fots eller på ski. Moglegheitene er mange. Og etter turen fristar spektakulære Hoven Restaurant med høgfjellsmat og drikke. I sommarhalvåret kan du utforske godt tilrettelagde vandrestiar som gjev tryggleik og energi til å oppleve høgfjellet. Her oppe kan du også prøve zipline, og kanskje til og med klatre heile vegen opp for eiga maskin i Via Ferrata Loen? På vinterstid kan du boltre deg på ski, truger eller på kjelke i dei preparerte akebakkane. Toppturentusiastane sparar 1000 høgdemeter og kan starte på høgfjellet med friske bein. Du kan også gå tur i preparerte vandreløyper, og om snøforholda tillet det blir det køyrt opp langrennspor. Ei gamal segn seier at fjellet Hoven har namnet sitt etter Odin sin hest Sleipner, som på tur over fjellet slo hoven sin borti og etterlet seg det kraftige avtrykket i fjellsida som er så tydeleg å sjå i dag. Ingen veit om det er heilt sant, men det som er heilt sikkert, er at utsikta her oppe er like mektig og magisk no som før. Forskjellen er at no er ho tilgjengeleg for absolutt alle - ikkje berre gamle gudar og spreke fjellfolk.

Källa: Nordfjord

0

Loen Skylift

Boka

Nyligen besökta sidor