Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Lom nasjonalparklandsby

Book

Velkomen til nasjonalparklandsbyen Lom - innfallsporten til Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen!

Lom sentrum, Fossbergje, er ein av fem tettstadar i Norge som har status som nasjonalparklandsby, og er ein naturleg innfallsport til nasjonalparkane JotunheimenBreheimen og Reinheimen. Norges to høgaste fjell - Galdhøpiggen og Glittertind ligg i Lom.

Lom med sine 2350 innbyggarar, er den mest typiske fjellkommuna i Norge, med 135 eigne toppar og 23 grensetoppar over 2000 meter over havet. Faktisk ligg over 90% av kommunearealet over 900 meter over havet! 

Nasjonalparklandsbyen ligg flott til under mektige Lomseggen, og utgjer eit krysningspunkt mellom aust og vest. På under to timar (sommarstid) kan du forflytte deg frå høgfjellet i Jotunheimen til verdas lengste fjord, Sognefjorden.

Midt i sentrum renn elva Bøvra kvit og vill utfor Prestfossen. Namnet Fossbergje kjem av berga som stikk fram ved fossen. Her har bygdasenteret vakse fram på båe sider av elva sidan slutten av 1700-talet. Den fyrste private aktiviteten i området var eit kvernbruk rundt 1770. Den fyrste landhandelen kom i 1870.

På Fossbergom er det eit yrande liv i sommarmånadene med bygdafolk og turistar om kvarandre. Her finner du alt frå ein verdsberømt bakar til Lom stavkyrkje frå sist på 1150-talet, som er ei av dei største stavkyrkjene i landet. Det er ein rekke turstiar som startar frå Lom sentrum. 

Sjå turkart her!

Det trivelege sentrumsmiljøet har uteserveringar, kafear, restaurantar, butikkar og er kjend for sin gjennomførte byggeskikk. Lom er staden for å utforske kultur og tradisjonar kombinert med moderne attraksjonar og aktivitetar.

Opplev nasjonalparklandsbyen - gå Bergomsrunda:
Bergomsrunda er ein triveleg rundtur til fots i nasjonalparklandsbyen, Lom sentrum. Runda bitt saman sentrum og attraksjonane på ein god måte og du får med deg alt som er verd å sjå. Runda er ca 2,5 km lang.

Kart over Bergomsrunda

Meir informasjon om vandringa får du i turistinformasjonen i Lom sentrum.

Last updated: 01/04/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Lom nasjonalparklandsby

Book

Nyligen besökta sidor