Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Voss

MTB - Kurs for damer

Book

Ride like a girl! Det er noko spesielt med å sykla saman med berre jenter, og det vil vi dele med deg

Hos Outdoor Norway brenn vi for å få fleire damer i sykkelmiljøet både i Noreg og internasjonalt. Bli med på kurs med ei positiv, inkluderande og støttande gruppe med likesinna damer som er her for å ha det gøy, få nye venner, sykla nokre episke stiar og få meir sjølvtillit og ferdigheter på sykkelen. Kurset vert leia av ein sertifisert instruktørar og går over ein dag. Vi skreddarsyr alle kursa for å tilpassa alle nivå, frå nybegynnarar til ekspert. Så uansett erfaring eller treningsnivå garanterer vi at du vil få litt ny kunnskap, forbetra teknikken og ha ein strålande dag. MTB kurset vil dekka det grunnleggande innan terrengsykling, som kroppsposisjon, stabilitet, kontroll og sving. Det vert god tid til å finjustera ferdighetene dine før vi prøver oss på litt meir avanserte teknikkar og øvelsar. Etter kurset vil du kunne sykla brattare og i meir teknisk utfordrande terreng, i tillegg til små "drops". Klarar du å løfta framhjula og bakhjula uavhengig, kan du komme deg over alle hindringer på stien. Vi vil og introdusera deg for "pumping", som er ein viktig teknikk som blir brukt til å halda oppe momentum, flyt og fart. Er du litt meir eventyrlysten og ønsker å skyva grensene litt er dette kurset for deg. KURSDATOAR 27. juni 2. juli 8. august PRIS 950 NOK per person * Fulldempet terrengsykkel og vernutstyr kan leigast hos oss mot ein ekstra kostnad på 450 kroner for ein heil dag (hjelm og hanskar inkludert). Ta direkte kontakt med Outdoor Norway om du ynskjer å leiga sykkel. INKLUDERT Internasjonalt sertifisert MTB instruktør Transport til løypene. PROGRAM 10:00 Oppmøt og introduksjon @Outdoor Norway Base 10:15 Sjekk av sykkelen 10:45 Oppvarmingstur/Gruppevurdering, stisykling og trening! 13:00 Lunsj 13:30 - 16:00 Sykling! Guida gruppetur/leksjon TA MED Fulldempet terrengsykkel anbefales Hjelm og hanskar Liten ryggsekk Vatn og snacks Lunsj Varme lag viss det er kaldt eller mykje vind Vanntett jakke viss det er fare for regn

Last updated: 08/14/2023

Source: Destinasjon Voss

MTB - Kurs for damer

Book

Nyligen besökta sidor