Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Tokke

Museumsbonden

Ved museet i Eidsborg visar museumsbonden tradisjonell jordbruk i sesongen kvart år!

Daniel Høstberger er til dagleg bonde i Mo og driv på gamle måten. Han brukar gjerne hest og gamalt utstyr, mjølkar for hand og foredlar det han haustar. Om sommaren er han óg «museumsbonde» på museet i Eidsborg. Han opparbeider åkrar, sår og haustar. Daniel har sett opp humlestaur og kornband på staur. 

I løpet av sommaren kan du oppleve forskjellige aktivitetar ute på jordet eller ved husmannsplassen. Hesten vert bruka flittig mellom anna til pløying og framkjøring av tømmer.

På åkeren dyrkast ulike grønsaker og korn, som til dømes potet og gulrot, lauk og nepe, gråert og bondebønner, kålrot og kål. Her er byggåker og linåker.

Det er mange som aldri har sett ein linåker og veit heller ikkje kvar lin kjem frå. Daniel kan formidle kunnskap om gamal tradisjon knytt opp til dagens bruk av lin. Han og hans medhjelparar svarar også på andre spørsmål knytt til jordbruk basert på gamal kunnskap.

Last updated: 02/29/2024

Source: Vest Telemark

Museumsbonden

Nyligen besökta sidor